– Kjennest bra ut!
Fredag reiser Erik Tysse til VM i Moskva direkte frå treningsleir i Tyskland. – Førebuingane har vore gode, det kjennest bra ut, rapporterer kappgjengaren.
Kappgjengaren får Søfteland er eit av dei få medaljehåpa Noreg stiller med under friidretts-VM i Moskva neste veke.
Tysse, som kvalifiserte seg til 50 km allereie i februar, har nytta våren og sommaren godt, med eitt mål for auge; å vera i best mogleg form når det brakar laus i Moskva.
– No er Stephan (Plätzer, journ.mrk) og eg i Wattenscheid, ein halvtime utanfor Düsseldorf.
– Vi reiste ned sundag for å vera trygge på at vi fekk gode treningstilhøve og bra temperatur.
– Dette er ein plass vi har vore mange gongar tidlegare, vi kjenner treningsstadene. Det er ofte her eg plar å leggja langhelgsamlingane mine, fortel Erik Tysse på skype frå treningsleiren.
Har sleppt opp
Dei siste dagane har han trent lett, i om lag 30 varmegradar, for å bygga opp overskot fram mot konkurransen.
– Dei hardaste øktene slapp vi opp på i slutten av førre veke, no er det rolegare og å bygga overskot det handlar om.
– Vi har fått gjort det vi skulle, så no gler eg meg til vi reiser austover i morgon.
Lagt grunnlaget i høgden
Erik, som tidlegare i sommar blei noregsmeister på 20 km, har vore store delar av sommaren på høgdetrening i St. Moritz.
– Stephan såg på kva vi gjorde i 2007, 2008 og 2009, og la opp eit program basert på erfaringane frå då.
– Frå slutten av juni til slutten av juli låg vi på høgdesamling i St. Moritz.
– Det blei ei veldig god samling kor eg trente saman med fleire andre kappgjengarar.
– Dei siste tre vekene var òg vêret perfekt, med pluss/minus 20 gradar og lite vind. Testane frå samlinga gav gode resultat, seier Tysse.
Droppar truleg 20 km
Søftelendingen er òg kvalifisert til å gå 20 kilometeren i VM, men kjem mest truleg til å droppa den.
– 20 km-formen er utruleg god om dagen, men det er meldt 30 gradar og steikande sol i Moskva på sundag når den går, så eg kjem nok med 99 % sikkerheit til å droppa den.
– Eg vil heller gå 50 km med friske bein og veta at formen er god.
– Kva er skilnaden på ein 20 km og ein 50 km utanom lengda?
– På ein 20 km er det ein hard kamp mann mot mann. På ein 50 km kjempar du meir mot deg sjølv og din eigen psyke.
– Kor mykje klarer du på pressa deg når det står att 10 km og du er dødssliten, er det det handlar om på den lengste distansen.
Går for personleg rekord
50 km startar onsdag klokka 06.30 norsk tid (08.30, lokal tid) inne på Luzniki stadion, før løparane går ut av stadion og langs elven Moskva, før dei returnerar til stadioen og målgang.
– 50 kilometeren handlar om å gå sitt eige løp.
– Eg skal vera i god stand til å setja ny personleg rekord. Gjer eg det er eg nærmast garantert ei topp 8-plassering.
– Derfrå og opp på pallen er det dagsformen som avgjer, avsluttar Erik Tysse.