2. plass til Erik
Eirik Tysse kom inn som nummer to då han deltok på IAAF Grand Prix Challenge-stemne i Tsjekkia i helga.
Det var på 20 km kappgang at Tysse tok andreplassen, kun slått av columbianeren Aida Alebaro, som tidlegare er to gongar verdsmeister for junior.
- Eg hang med i tetgruppa frå start, men frå ni kilometer var det eg som sette tempoet. To kilometer fra mål stakk colombianeren, seier Tysse til NTB.
Tysse gjekk i mål på tida 1.19.51, som er tredje beste tid i Europa for sesongen.
Leiar IAAF challengecup
I februar gjekk Tysse sitt første internasjonale stemne sidan OL 2012. Då endte det med siger på 50 km i IAAF Challenge i Mexico. Les også: Erik vann i Mexico!
- Eg kjente mot slutten at eg nyleg har gått ein 50 kilometer, men dette var min første 20 kilometer for sesongen, og for meg og alle rundt meg var dette ein positiv start, sa Tysse.
Etter den sterke andreplassen i Tsjekkia leiar Tysse no IAAF challengecup samanlagt.