Erik vann i Mexico!
Erik Tysse imponerte i høgda i Mexico, slo fjorårsvinnaren og tok sin første IAAF-siger på 50 km nokosinne.
Kappgjengar Erik Tysse gjekk i dag sitt første internasjonale stemne, sett vekk frå nordisk meisterskap, sidan OL i London sommaren 2012.
Det enda med siger på 50 km i IAAF Challenge i mexicanske Chihuahua.
– Han låg på 3. plass fram til 30 km var passert, då gjekk han opp til 2. plass. Då det var 16 km igjen gjekk han opp i tet og heldt plassen til mål, seier ei nøgd storesøster Kjersti Tysse Plätzer.
Ho følgte løpet på live-stream på nett medan mannen, Erik sin trenar Stephan Plätzer, var med i Mexico.
Første 50 km på 4 år
Erik har vunne IAAF Challenge tidlegare, men det var på 20 km.
– Dette er Erik sin første 50 km sidan 2009, fortel Kjersti.
Høg fart høgt over havet
Årets løype var berre 1 km lang ogTysse brukte 3,55 på dei 50 rundane.
– Du kan nok minst trekka frå 12 minutt i denne høgda, så tida er veldig god.
Chihuahua ligg 1500 meter over havet. Erik har vore på høgdetrening i USA i tre veker fram mot konkurransen.
I starten av løpet var det 0 gradar. Erik starta med lue, buff og lause erme, men kasta av seg vinterkostymen etterkvart.
Slo fjorårsvinnaren
Mexicanske Omar Zepada, som vann IAAF Challenge i Chihuahua i 2012, kom på 2. plass i år.
Erik kjem heim til Os om ei veke. Neste store utfordring blir 20 km i europacupen i midten av mai.