Samferdsle | 14. okt. 2023
– Kan bli stengt på kort varsel
Torghatten Nord ber reisande på Halhjem-Sandvikvåg halda seg orientert utover dagen.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 14. okt. 2023 12:10
Torghatten Nord har nyleg sendt ut informasjon om fare for stengt ferjesamband.
Meldinga gjeld ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg, rute 1018, laurdag 14. oktober.
– Sambandet kan i ettermiddag/kveld bli stengt på kort varsel. Årsaka er vêrmelding i området, kraftig vind frå nordvest kan gjera at anløp Sandvikvåg ikkje kan utførast, skriv Torghatten.
Vêrforholda blir vurdert fortløpande og trafikkmeldingar blir sendte ut ved endring.
– Vi beklager ulempa dette medfører for passasjerane våre, og ber dykk følgja med på thn.no for oppdatert ruteinformasjon, uttaler Torghatten.