Dagen etter «Helene»
Velta tre over grusbanen, minneparken og Hatvikvegen.
Onsdag i 19-tida kom restane etter den tropiske stormen «Helene» til Vestlandet.
I Os blei det kansellerte ferjer, knust rute på Bar(t), trøbbel i hamna innanfor Steinnesetmoloen - og mange velta tre, eitt av dei over eit hus.
Einaste straumbrot var i Lysefjorden, men det varte berre i 10 minutt. Ingen vegar, med unntak av inn til private adresser, blei sperra over lengre tid.
• Midtsiden følgde uvêret: Samleside med fleire bilde
Os brannvesen sitt siste oppdrag i samband med stormen var eit velta tre over Hatvikvegen litt før midnatt. Midtsiden fekk tips om at eit velta tre hadde tatt med seg nokre leidningar, og at lyktestolpe og tre låg delvis ut på fylkesvegen.
– Då vi fekk høyra om dette ringte vi 110-sentralen. Vi kunne ikkje røra treet så lenge det var skadde, straumførande linjer i treet, så dette blei Vegtrafikksentralen og BKK sitt bort, fortel Anne Kjersti Storbø frå Os brannvesen.
Resten av natta blei roleg for brannvesenet.
«Tre-null» på grusbanen
Torsdag morgon ligg det eit stort, velta tre frå aleen opp til prestebustaden og over delar av grusbanen til Jadakameratane, ved Os ungdomsskule.
Eit fotballmål er skadd av det velta treet. I minneparken ligg eit anna velta tre.
– Vi har akkurat fått folk på staden, seier teknisk vakt i Os kommune.
Teknisk vakt har ikkje fått andre meldingar i samband med uvêret, med unntak av nokre skadar på tak oppunder dei eldre, integrerte baldakinane på rådhuset.
Vindstyrken skal halda seg over 10 m/s fram til i 20-tida i kveld.
Frå fredag kveld til laurdag morgon skal det òg blåsa friskt, rundt 9 m/s, men då frå vest.
Politiet - tre for tre
Politiet har berre saker relatert til vind i loggen sin frå onsdag kveld, då dei tok imot fleire meldingar om velta tre og skade på bygningar:
Sånn blei kvelden for politiet, frå klokka 20 til 22:
20:04: Melding frå Sundøtangen om velta tre over kraftlinje.
20:15: Rot låg over Hegglandsdalsvegen.
20:45: Tre over hus på Utgjerdet.
21:17: Tre i vegen på Strønevegen ved avkøyrsle til Askvik.
21:45: Tre sperra Tøsdalsvegen.
I tillegg fortel brannvesenet om eit tre over Torkjelsvegen. Éin bustad var innesperra. Teknisk eining fortel at det òg låg eit velta tre over vegen i Langedalen. I tillegg kjem, som nemnt, tre og stolpe over Hatvikvegen litt før midnatt.