Vêret i Os | 13. okt. 2023

– Kan koma opp i sterk storm i kasta

Farevarsel om kraftig vind laurdag.

– Kan koma opp i sterk storm i kasta
Farevarsel om kraftige vindkast laurdag 14. oktober. (Kart: Varsom.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. okt. 2023 09:52

Onsdag var det meldt liten kuling. To velta tre førte til stengt på Lepsøyvegen i over 2 timar, stengt på E39 Halhjemsvegen i over 5 timar og avlyst fotballkamp på Kuventræ.

Laurdag er det meldt liten kuling (12,5 m/s) igjen.

Det er venta kraftigast vind i 15-tida, men med farevarsel om vindkast i opptil sterk storm (28-25 m/s) i kasta laurdag morgon.

Vinden skal koma frå vest eller nordvest. Det er òg meldt mykje nedbør i Os gjennom laurdagen.

Vindstyrken skal løya noko utover ettermiddagen, men halda seg på 8-10 m/s fram til 13-tida søndag.

Det er meldt nedbø og byger fram til tysdag i 12-tida. Resten av veka skal bli vindstille og solrik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.