Innfører ekstraordinært forbod
Innfører forbod frå fredag 16. juni.
Pressemelding frå Bjørnafjorden brann og redning:
I Bjørnafjorden kommune blir det frå og med fredag 16. juni klokka 12.00 innført eit ekstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs.
No vil det ikkje vera lov å tenna eld eller grille i offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområde, på tilrettelagde badeplassar eller på kommunane sine tilrettelagde bål- og grillplassar.
Forbodet gjeld også sankthansbål.
Frå før av gjeld det generelle bålforbodet i eller nær skog og annan utmark i perioden 15. april til 15. september.
Både det generelle og det ekstraordinære forbodet omfattar alle typar grillar, stormkjøkken, bål, engangsgrillar og bålpanner, for å nemne noko.
Svært stor brannfare
Bakgrunnen for innføringa av denne lokale forskrifta er den svært store brannfaren i terrenget i Vestland fylke.
Det fine vêret har ført til at det er svært tørt i fleire område i regionen, på same vis som store delar av Sør-Noreg elles.
– Den siste veka har brannvesenet rykka ut til fleire gras- og lyngbrannar i Vestland. Så seint som onsdag 14. juni hadde vi ein krevjande brann i terrenget i Samnanger kommune, og dette viser tydeleg kor kritisk situasjonen er no.
– Difor ser vi oss nøydde til å innføra strengare restriksjonar, seier brannsjef Espen Storum.
Kor lenge skal det vara?
Den midlertidige forskrifta varer frå og med 16. juni kl. 12.00 og til og med 30. juni.
Dersom brannfaren blir vesentleg redusert i løpet av denne perioden, vil det vurderast å oppheve forskrifta tidlegare. Ei oppheving vil i så fall bli varsla på same måte som innføringa av forbodet.
Ved oppheving av det ekstraordinære forbodet vil det generelle bålforbodet framleis gjelda.
Ingen unntak for sankthansbål
Forbodet gjeld offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområde, tilrettelagde badeplassar og kommunane sine tilrettelagde bål- og grillplassar.
Forbodet inneber at det ikkje er lov med sankthansbål i år.
Verksemder må vurdere brannrisiko
– Vi ber verksemder, som driv med til dømes skogbruk, linjearbeid under straum og tele, kantklipping av veinettet, slynging av jernbanelinjer og liknande, om å vurdera brannrisikoen og etablera tiltak for å redusera risikoen til eit akseptabelt nivå.
Lov å grilla i eigen hage
Det er framleis lov å grilla i eigen hage. Alle som bur og oppheld seg i Bjørnafjorden må likevel vera aktsame med bruk av grillar og anna som kan forårsake brann, også på privat grunn, særleg på balkongar, terrassar og i hagar.
Det kan også grillast på større asfalterte eller gruslagde område, som skulegardar, parkeringsplassar og idrettsbanar, så lenge desse ikkje ligg nær brennbar vegetasjon.
Som alltid er det individet si plikt å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitetar som kan føra til brann.
– I desse dagane er det så tørt at all bruk av eld utandørs representerer ein brannfare. Vi håpar og trur at innbyggjarane vil hjelpa oss med å førebygga brannar, avsluttar brannsjef Espen Storum.