Du kan framleis grilla på terrassen
Bergen kommune har no lagt ned forbod også mot grilling i eigen hage. Os gjer foreløpig ikkje det same.
Etter at det blei kjend at Bergen Brannvesen har lagt ned forbod mot grilling og bruk av open eld i eigen hage eller på eigen veranda eller terrassen i dei fire kommunane dei har ansvaret for (Bergen, Osterøy, Samnanger og Vaksdal) har Os brannvesen fått fleire telefonar med spørsmål om det også gjeld Os.
– Eg har diskutert det med varabrannsjef Arne Monsen no i kveld og vi har beslutta at vi held på den linja vi har, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Ikkje i skog, mark eller på stranda
Det tyder at forbodet mot bruk av open eld, grillar, stormkjøkken og tilsvarande i skog og mark, på svaberg eller strand framleis gjeld. Det gjeld også på tilrettelagte grillplassar i turområder eller badeplassar.
– Enn så lenge kan osingane grille på terrassen eller i hagen, men dei må, som alltid, visa aktsemd og passa på at dei har god avstand frå vegetasjon og at ein har ein plan for rask sløkking om noko skulle gå gale.
– Vi vil vurdere situasjonen fortløpande, men enn så lenge held vi på den linja vi har, avsluttar Gjøsund.