Lokal | 29. mai 2012

Innbrot i Varåsen

Under to veker etter innbrotet på Steinneset blei det i går oppdaga innbrot og grovt tjuveri frå ein einebustad i Øvre Varåsen.

Innbrot i Varåsen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 29. mai 2012 10:34

Søndag ettermiddag blei det oppdaga at det har vore innbrot i ein einebustad i Øvre Varåsen. Politiet rykte ut til åstaden.

– Dei som har vore i huset har tatt seg inn gjennom eit vindauge. Sølvtøy, smykke og fotoutstyr er blant det som er sakna, fortel politiførstebetjent Tom Johannessen.

På reise

Dei som eig bustaden har vore på reise. Innbrotet har truleg skjedd tysdag eller onsdag i førre veke.

– Årsaka til at vi trur det er at naboar har observert at gardinene i huset plutseleg var trekt for ein av desse dagane.

Politiet ber om tips i saka. Politiet i Os når du på 48002480.

Tredje gong på 10 dagar

Frå 2010 til 2011 auka tilfella av innbrot frå 11 til 15 i Os.No ser 2012 ut til å bli endå verre.

Onsdag 16. mai blei det oppdaga at det hadde vore innbrot i ein einebustad på Steinneset.

– Vi har tips å jobba vidare med og vi har spor som er til analyse hos Kripos, seier Johannessen om saka på Steinneset. Ingen er førebels pågripen.

Fredag 25. mai blei pc-ar og ei lommebok tatt frå ein ulåst bustad i Industrivegen.

– Dette viser at folk følgjer med og at det er endå viktigare å sikra bustaden sin. Prøv å gjera det minst mogleg tydeleg at bustaden er tom. Få naboar til å henta posten og ta opp bosset, få tidsstyrt lysbrytar og ver varsam med å fortelja på facebook at du skal på ferie, anbefaler politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.