Lokal | 23. mars 2012

Meir vinning - mindre narkotika

Politiet oppmodar om betre sikring av verdisaker og låg terskel for tips om moglege lovbrot.

Meir vinning - mindre narkotika
Tom Øyvind Johannessen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. mars 2012 07:25

– Alle tips er gode tips, seier politiførstebetjent Tom Øyvind Johannessen.

Johannessen har overtatt etter Audun Hadler-Olsen, som er i permisjon for å trena dei største ro-talenta i Hordaland. Jobben til Johannessen inneber å leia etterforskinga av narkotikasaker i Os.

Ifølgje statistikken for 2011, som lensmannskontoret la fram onsdag, har talet på narkosaker gått ned dei siste åra, frå 60, 58 og 57 i 2008, 2009 og 2010 til 41 i 2011. Når det kjem til alvorlegare saker, paragraf 162 2. ledd, er talet redusert frå 2 til 0 frå 2010 til 2011.

Små tips kan bety mykje

– Vi føler at vi har god oversikt over narkotikamiljøa i Os, seier lensmann Rasmus Dalen.

– Men vi er veldig avhengig av tett kontakt med publikum. Er du uroa for at det kan vera noko på gang i eit hus, ved ein skule, i eit bestemt miljø eller for eksempel i eit firma, så kan ein telefon til oss bety mykje, seier Johannessen.

– Tipset kan setja oss på sporet av noko, eller det kan føya seg i rekkja av liknande tips, og slik vera med på å stadfesta at vi bør undersøkja dette nærmare. Derfor set vi pris på alt osingane har å fortelja.

Desidert størst: Vinning

Narkotikasaker er blant dei største oppgåvene til Os lensmannskontor.

– Men desidert størst er vinning, slår politioverbetjent Terje Sperrevik fast.

Brotsverk i kategorien simpelt tjuveri auka frå 140 i 2010 til rekordhøge 176 saker i 2011. Innbrot har auka frå 11 til 15, grovt tjuveri gjekk litt ned, frå 65 til 51.

– Grove tjuveri går litt i bølgjer. Det kan vera forbireisande eller det kan vera enkeltpersonar som påverkar statistikken. Men vi ser at vinning generelt går opp, og det har blitt stadig viktigare å sikra og merka verdigjenstandane sine.

Bil, båt, byggeplass og garasje

Innbrot i hus er ganske sjeldan i Os, men tjuveri frå opne hus og garasjar, innbrot på skular, i naust og i brakkeriggar på byggeplassar, og tjuveri av syklar, ser politiet i Os meir av.

– Lås dørene og lås garasjen. Skjul verdisaker om du har dei liggande i bilen! oppmodar Sperrevik.

– Å merka verdigjenstandane kan òg vera til stor hjelp. Spesielt gjeld dette syklar. Vi møter ofte kjenningar på sykkel som vi mistenker er stolen, men når vi ikkje har godt nok signalement på syklar som er sakna så kan det vera vanskeleg å bevisa at sykkelen er tjuvgods, forklarar han.

Fleire trugslar og meir vald i heimen

Sakene som sorterer under "liv/legeme/helbred" auka frå 55 til 58, talet på saker som handlar om trugslar auka frå 55 til 58.

– Sjølv om det er ein del bråk i Os sentrum om nettene i helgene er det heldigvis få grove valdssaker knytt til utelivet.

– Men når det kjem til vald i heimen er det dessverre ei auke. Grove trugslar og stygge valdssaker mellom folk som kjenner kvarandre eller er i familie med kvarandre er eit problem. Dette er også tunge saker å jobba med, seier Sperrevik.

21 seksualsaker

Innan "sedelighet", altså seksualsaker, er det også ei auke. I fjor jobba politiet med 21 slike saker.

– I ein del tilfelle er det snakk om gutar i 18-20-årsalderen som voldtar unge jenter, jenter i 13-15-årsalderen, fortel Dalen.

– Dette kan også vera vanskelege saker, både fordi sakene er alvorlege og vanskelege for offeret, og fordi det ikkje alltid er sånn at offeret vil fortelja om kva som har skjedd. Her er det kanskje også store mørketal, alvorlege saker som vi ikkje får veta om, seier lensmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.