Lokal | 25. mai 2012

Stal pc medan eigaren søv

Fredag morgon, etter at kvinna i huset hadde gått grytidleg på jobb, tok nokon seg inn den ulåste døra og stal pc-ar og lommebok.

Stal pc medan eigaren søv
I andre etasje nærmast BIR er det fleire husvære. I eit av dei blei det utført eit frekt tjuveri fredag morgon. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. mai 2012 12:47

Fredag morgon fekk politiet melding om tjuveri frå eit husvære i Industrivegen.

– Det skal ha skjedd mellom klokka 5 og 7 fredag morgon, fortel politiførstebetjent Tom Johannessen.

Nokre pc-ar og ei lommebok er sakna frå husværet.

Gjekk tidleg på jobb

Etter det Midtsiden kjenner til skal ein av dei tre som bur i husværet, som ligg i andre etasje i Fløysand sitt bygg, ha gått tidleg på jobb.

Truleg har vedkomande ikkje låst døra, sidan dei andre snart skulle stå opp. Men då dei to andre vakna var ps-ane og ei lommebok vekke.

Observasjon og tips

– Minst éin person skal ha blitt observert i området. Men vi er interessert i fleire tips, seier Johannessen.

Du kan tipsa politiet på 48002480.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.