I kø for Eirik
Dei første ligg allereie i kø framfor rådhuset for å sikra seg billettar til Idol-festen i Oseana. – Dette må vi få med oss, så vi heiv oss i bilen, fortel far og son Arntzen.
Eirik Søfteland imponerte igjen heile Noreg då han nagla Queen si Bohemian Rhapsody, samstundes var det klarsignalet for at det blir idol-fest i Oseana fredag 10. mai for å heia på Eirik i finalen.
– Då vi såg at det blir arrangement i Oseana var vi ikkje i tvil.
– Vi heiv soveposane og liggeunderlaget i bilen og køyrde ned her, fortel Jan Ove Arntzen, som saman med sonen Christoffer skal tilbringe natta framfor Rådhuset i Os sentrum.
– Ein sjanse i livet
Då Justin Bieber var i Oslo såg vi på TVen korleis folk la seg i kø og sto og venta.
– Når noko slik som dette skjer med ein lokal helt som Eirik, så kan vi ikkje la sjansen gå frå seg.
– Vi skulle ha billettar til arrangementet i Oseana, fortel dei to om kvifor dei har rigga seg til framfor Rådhuset.
Reknar med trivelege folk
Litt uroa er dei for nattelivet på Os, men dei reknar med å få honnør for innsatsen frå folk som kjem forbi.
– Vi var litt overraska over at vi var dei første, men det kjem vel fleire utover natta.
– Blir det ei kald natt?
– Ja, det gjer det nok, men vi har kledd oss godt og no er konemor på veg med med varm drikke, så vi skal klara oss.
– Sova kan vi gjera i morgon.
10 år sidan sist
Det er 10 år sidan ein lokal helt, Kurt Nilsen, vann idol sist.
– No er det på tide at ein ny helt frå Bergensområdet vinn, nemleg Eirik.
– Kva tykkjer de om Eirik då?
– Han er den beste, kjem det kontant frå unge Christoffer.
– Vi kjenner han ikkje, men han er ein fantastisk musiker og songar, supplerer far Jan Ove.