Gullguten Eirik!
Eirik Søfteland har selt til gull, fekk terningkast 6 for Bohemian Rhapsody og spaserte rett til superfinalen i Idol!
"Å velge dette minieposet som shownummer sier litt om kapasiteten og eventyrlysten" skriv Dagbladet og deler ut terningkast 6 til Eirik Søfteland si framføring av Queen-låta Bohemian Rhapsody.
Idol-finalisten frå Os fekk ros på den akustiske førstelåta i kveld, Black Hole Sun av Soundgarden, men på Bohemian Rhapsody tok det heilt av.
Eirik gjekk vidare til superfinalen og kjempar neste fredag – i siste runde – om å bli vinnar av Idol 2013!
Det betyr at det blir Idol-fest i Oseana!
– Det blei full klaff, det var veldig gøy, sa Eirik til Midtsiden i pausen.
– Dansarane var knallflinke, kjempefine jenter, på innsida og på utsida, det var utruleg kjekt å ha dei med.
Steffen Jacobsen rauk ut og Siri blir Eirik sin konkurrent i finalen for fullsett Oslo Spektrum 10. mai.
Gullplate (og gullkorn)
Eirik fekk seg ei anna positiv overrasking i kveld, programleiar Stian Blipp delte ut gullplate til Søfteland for låta Gonna go my way.
Sjølv serverte Eirik eit lite gullkorn til Blipp tidlegare på kvelden. Etter å ha sagt at han har sunge Black hole sun før, spurde Blipp kvar?
"På nachspiel, på jam, på vorspiel, heme hos din mor" kom det som svar ...
Spent på alle sine vegne
– Kor nervøs er du når dommarane les opp kven som går vidare og ikkje?
– På mine egne vegne er eg ikkje så nervøs, ikkje når eg veit at eg har gjort det bra. Sjølv om favorittar har røke ut ein etter ein.
– Men eg er alltid spent, spent på kven som går ut, anten det er meg eller andre. Vi har vore ein fin gjeng og det er litt trist på tampen av kvar sending, sjølv om eg er glad når eg går vidare.
Dette sa dommarane om Eirik sin Rhapsody, der osingen både spelte piano, dansa og song til den krevjande klassikaren av Queen:
Dansken: Du er en maskin! Jeg har hatt en drøm om at du skulle gjøre denne låta. Det er så rått.
Gunnar: Vi ser den ultimate entertaineren bli født på scenen.
Tone: Tenk å få vist så mye stemmeprakt og show på så kort tid. Det er imponerende, det!
Kurt: Jeg tror - og håper - at du kommer til finalen i dag.
Tone: En finale uten Eirik, er en litt kjedeligere finale.