– No blir det Idol-fest!
Laurdag får du billettar! Eirik er i superfinalen og Oseana inviterer til familiefest. Idolfinalist frå 2011, Vegard Leite, kjem for å spela i pausen.
No inviterar Os kommune og Oseana kunst- og kultursenter saman med gode samarbeidspartnarar til IDOL finalevake i Oseana når Eirik Søfteland kjempar mot Siri Vølstad Jensen om å bli Noregs nye popstjerne og vinna Idol 2013.
– Vi håpar på å kunne fylle heile storsalen med 450 Eirik-fans, jublar ordførar Terje Søviknes (Frp).
Grunna førebuingane til Havfest seinare i mai må ein nytta uttrekt amfi i salen, noko som gjer at det vil vera begrensa med plasser.
– Ut frå stemninga i bygda trur eg det blir rift om plassane, så no må folk vera om seg, skyt Rock 'n LOL-general Andreas Lindborg inn.
Slik får du billettar!
Laurdag 4. mai mellom klokka 11 og 13 kan du troppa opp i kommunetorget på Rådhuset. Der står kultursjef Lisbeth Axelsen klar med spesialdesigna gullbilletter.
– For at flest mogleg skal få sjansen til å oppleva den elektriske stemninga eg er sikker på at det kjem til å bli, har vi satt ei grense på maks fire billettar per person.
– Eg håpar folk er solidariske med kvarandre og ikkje tek med seg fleire enn dei treng, seier kultursjefen.
Arrangementet er gratis. Om det finnst billettar att etter laurdagen vil desse bli delt ut på kundetorget i ordinær opningstid 08-15 frå måndag av.
Slik blir festen!
Arrangementskomiteen har lagt planane for ei heidundrande feiring av Idol-Eirik.
– Vi oppmodar alle som kjem å stille med plakatar slik at vi kan visa heile Noreg korleis vi støttar Eirik, seier Søviknes.
Og Idol-festen byr på meir enn det å sjå sendinga på storskjerm.
– Eg kjem gjerne til Oseana for å spela, seier Vegard Leite.
Tidlegare i dag fortalte han at han er stor fan av Eirik, og at han skulle til Chateau Neuf for å sjå kveldens sending live.
– Osingane gav meg mykje støtte då eg var med i Idol, og konserten på Nore Neset blei kjempegøy. No kan eg gje litt tilbake, samtidig som eg får spelt nokre låtar frå det ferske albumet vårt.
Leite and The Music Mafia kom med albumet "First Train" denne veka. Signerte utgåver av plata blir å få kjøpt i Oseana fredag 10. mai.
– Eg har ikkje med meg resten av bandet, men speler 3-4 låtar, noko av det eg tok i Idol og nokre låtar frå "First Train", seier Vegard.
I tillegg til konserten med Vegard blir det òg trekking av gåver til nokre av dei som blir med på det rusfrie familiearrangementet.