Politi | 16. juli 2024

Holmefjord: MC-førar kolliderte med hjort

Blei køyrd til sjukehus i ambulanse.

Holmefjord: MC-førar kolliderte med hjort
Holmefjordvegen ved avkøyrsle til Holsundvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 16. juli 2024 08:24

Klokka 00.40 natt til tysdag fekk politiet melding om eit trafikkuhell i krysset mellom Holmefjordvegen og Holsundvegen.

– Ein motorsykkel kolliderte med ein hjort, opplyser Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

MC-førar var vaken og bevisst. Vedkomande blei køyrd til Haukeland universitetssjukehus i ambulanse.

– Skadeomfang er ukjent.

Hjorten skal ha løpt frå staden og ut i terreng.

Politiet har oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.