Politi | 15. juli 2024

MC på bakhjulet - MC i buskane

Polititet har fått fleire tips om mc relaterte hendingar i trafikken denne helga.

MC på bakhjulet - MC i buskane
Hegglandsdalsvegen. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Elin Johnsen
Elin Johnsenmåndag 15. juli 2024 09:11

Politiet fekk fleire trafikkmeldingar å ta hand om denne helga.

Fredag mottok politiet melding frå vegtrafikksentralen om køyretøystans i Lyshorntunnellen.

Det var ein lastebil som stod i ei havarilomme retning Rådalen. Det vart ikkje sett i verk operative tiltak.

Fann MC langs Strønevegen

Laurdag ettermiddag mottok politiet melding om ein motorsykkel som sto parkert i nokre buskar langs Strønevegen.

Den hadde ikkje registreringsnummer og såg difor ut til å vera stolen.

Politiet hadde ikkje kapasitet til å senda ein patrulje for å sjekka forholdet.

På bakhjulet

Seinare samme ettermiddag fekk politiet melding om fleire motorsyklar som køyrde på eitt hjul i Hegglandsdalsvegen.

– Dette er eit gjentakande problem, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet sende ein patrulje til Hegglandsdalen, men kunne ikkje sjå nokon som køyrde på eitt hjul då dei var der.

På laurdagskvelden kom ei tredje melding om MC til politiet.

Denne meldinga handla om ein MC som køyrde i stor fart på eitt hjul på Halhjemsvegen.

Politiet hadde ikkje kapasitet til å rykka ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.