Lokal | 07. okt. 2020

Motorsykkel kolliderte med hjort

I tillegg blei ein mann i 70-åra tatt for køyring utan førarkort.

Motorsykkel kolliderte med hjort
To hjortar blei påkøyrde i Os i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. okt. 2020 06:56

Tysdag i 13-tida stoppa politiet ein bil nær Os sentrum.

– Bilførar, ein mann i 70-åra, køyrde utan gyldig førarkort, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

I løpet av gårsdagen var det to påkøyrslar av hjort.

I 6-tida på morgonen køyrde ein bil på ein hjort på Røykenes. Bilen blei skadd, viltkontakt blei varsla.

I 22-tida på kvelden køyrde ein motorsykkel på ein hjort på Moberg.

– Motorsykkelen hadde låg fart, og MC-førar kom frå samanstøyten utan skade.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.