Hetleflåt vann dragrace på Gardermoen
– Det var fantastisk gøy, seier William. Han kjørte seg søndag opp frå 23. til 1. plass i Dragchallange på Gardermoen Raceway.
Etter 3. plass i Valle i juni blei det ein skuffande tur til Fyresdal for Os' raskaste 11-åring.
– Han reiste ned direkte til løpet, kom fram laurdag kveld, kjørte til kvalifiseringsrundar og blei slått ut i første teljande runde, fortel pappa Truls Hetleflåt.
Men på Gardermoen i helga gjekk det langt betre.
Frå 23. til 1. plass
Det var heile 27 juniorar som deltok og heile eliten var på plass på Gardermoen i helga. Etter innleiande rundar laurdag låg William på 23. plass.
– Men i dag har han verkeleg prestert, med knallgod reaksjonstid i løp etter løp.
Til slutt gjekk det heilt til finale, men der var det både overtenning og litt flaks som avgjorde.
– Vi var nok ivrige begge to, seier William.
Både han og den andre finalisten fekk raudt lys, men finalemotstandaren gjorde éin feil meir enn William, dermed var det avgjort.
Fekk 1500 kroner
William Moberg Hetleflåt tok sin første førsteplass, som inkluderte 1500 kroner.
– Det er ikkje noko spesielt eg sparer til, så eg veit ikkje kva pengepremien skal gå til, seier William, som fyller 12 år på seinsommaren.
Neste helg går turen til Sverige, då skal William kjøra løp i Eskilstuna.