Os’ raskaste 11-åring
Hekta på dragrace: Har du ein gatebil må du fylla den med over 500 hk for å kjøra forbi William Moberg Hetleflåt.
Han har det nok i genane, sansen for fart og motorsport, men det var verken pappa Truls eller onklane Jarl Henning, Frank eller Roy som fekk William inn på dragrace-sporet.
– William valte sjølv kor tid han ville prøva det, og om han ville ta lisens. Men det har nok vore medverkande at han har vore med meg på løp sidan han gjekk med bleie, seier Truls Hetleflåt og ler.
Truls var mekaniker for brørne Jarl Henning og Roy då dei på 80-talet var aktive innan dragrace. Sjølv har han vore på Gardermoen kvart einaste år sidan, for å sjå race etter race. Truls har nettopp byrja å kjøra sjølv, men sonen fekk lisensen først.
– Då William var 8 år så sa eg at han måtte gje beskjed viss han ville prøva. Halvanna år seinare var han klar, og han blei frelst frå første stund.
– Eller rettare sagt, han som stroppa William fast i bilen var nok så vant med å hjelpa sine eigne, meir erfarne ungar, at han med høgt tempo og lite barnevenleg kommunikasjon heldt på å skremma William vekk frå sporten.
– Men så overtok eg, stroppa han roleg fast, og så var det duka for fart.
Eit tett og presist forhold til fart
Å sitja fem centimeter frå bakken i ein fart på 135 km/t er ei heftig oppleving.
– Det var fartsopplevinga som gjorde at eg blei så glad i å kjøra dragrace, fortel William, som fyller 12 år etter sommarferien.
I dragrace blir det kjørt eit rett strekk på ei 1/4 engelsk mil (402,33 m). William kjører halv distanse, 201 meter.
– Men det er ikkje berre om å gjera å kjøra fortast, legg han til, og forklarer reglane i grove trekk.
Dei som er 8 til 11 år har ikkje lov å kjøra distansen på kortare tid enn 12,90 sekund og kan ikkje kjøra fortare enn 80 km/t over mållinja. William kjører no opp ein klasse, frå 12 og opp til senior, og har lov å kjøra distansen på 7,90 sekund og ha ein fart på inntil 140 km/t over målstreken.
– Det handlar først og fremst om å kjøra så fort som du trur du skal kjøra. Du må melda inn ei tid på førehand, for eksempel 8,10, og kjører du fortare så er du ute. Kjører du 8,15 så slår du ein som melder inn 7,90 og kjører i mål på 7,96 sekund.
Å kjøra passeleg fort, og ikkje for fort, krev trening. Og viss du lurte; det er ikkje speedometer i bilane!
– I førre løp gav han full gass fram til midten av banen, for så å trilla inn til god tid, fortel pappa Hetleflåt.
Når tusendelane tel
Dragrace handlar mykje om aksjellerasjon, men også om reaksjonstid. Avanserte sensorar følgjer med når startskotet går, og er du for rask på pedalen så blir det dømt tjuvstart.
– 0,500 sekund er ideelt, startar du 0,499 etter startskotet så tel det som tjuvstart.
– Likevel er det få tusendelar som skil dei beste frå dei siste, William hadde for eksempel, i den eine kvalifiseringa, ei reaksjonstid på 0,562. Då hamna han på 15. plass, fortel Truls.
Fort, men trygt
William fekk tatt lisens etter sesongslutt i 2013. I 2014 kjørte han sine første løp.
– Vi kjøpte ein bil som William lånte fra Haugesund då han tok lisensen, fortel Truls.
Så ville den unge dragracekjøraren ha større bil, og då blei det byte med ein frå Stavanger. Bilen er cirka 4,10 meter lang, veg rundt 200 kilo med førar og har 55 hestekrefter.
– Du treng likevel rundt 550 hestekrefter om du skal stilla med ein vanleg gatebil og kjøra fortare enn William dei første 200 meterane. Det går unna! Men det er også ein veldig trygg motorsport, truleg den tryggaste motorsporten som er, legg Truls til.
Til kvartfinale i NM-runde
– No er vi i gang med årets sesong og i første NM-runde gjekk det veldig bra, fortel William.
8. til 10. mai var han på Gardermoen og då han tok seg til utslåing gjekk han heile vegen til kvartfinalen blant 19 deltakarar.
Helga 12. til 14. juni er det tid for andre NM-runde. Den går i Valle i Setesdal.
Sjå samleside: Midtsiden motorsport