Sport | 22. juni 2015
24 tusendelar frå finaleplass
William Hetleflåt (11) rauk med knapp margin ut av semifinalen, men tok ein fin 3. plass i Valle.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. juni 2015 15:24
Den unge dragraceføraren William Hetleflåt frå Os gjorde det bra i NM-runden i helga.
Les òg: Os' raskaste 11-åring
– Han blei slåt ut av semifinalen med 24 tusendelar, fortel pappa og mekaniker Truls Hetleflåt.
William ligg no på 3. plass også samanlagt i sin første sesong i 7,90-klassen (yngre førarar kjører distansen på inntil 12,90 sekund).
På 2. plass i street legal west
Unge Hetleflåt kjører også street legal west.
– Der hamna han på 4. plass laurdag og 3. plass søndag.
– Han kjører stabilt bra og ligg på 2. plass samanlagt.
11. og 12. juli er det nye rundar, då i Fyresdal.