Har spart opp tomflasker i månadar - i pinsen blei alt stole
Nokon har saga seg inn i Os Fotball sin vesle pengebinge.
Dei kom med ideen sjølv, Os Fotball, då dei i september 2016, i samarbeid med Ask Transport, plasserte konteinar for pant på Kuventræ.
Allereie første døgn blei konteinarane utsette for tjuveri.
Dette blei heller ikkje siste gong, men ein heimesveisa boks som beskyttar hengelåsen gjort at tomflaskene har fått stå i fred nokre månadar.
– Det er mange som er snille og gir vekk panten sin til oss, vi får over 10.000 kroner i året i inntekt takka vera denne ordninga, fortel Marita Haugland.
Ho er dagleg leiar i Os Turn i 40 prosent stilling og jobbar 60 prosent av tida si for underavdelinga Os Fotball.
– NFF har eit samarbeid med Infinitum, som vederlagsfritt hentar panten. Vi hadde nyleg gjort klar tomflasker i sekkar, pant verdt rundt 2000 kroner.
Men det var ikkje Infinitum som «henta» dei denne gong.
Kollegaen Marius Mikkelsen oppdaga innbrotet og hærverket då han skulle opp trappa i dag.
– Nokon har vore under trappa og saga seg gjennom veggen. Dei har sikkert hatt med seg bil òg, for å få med seg alle flaskene.
Saka er meldt til politiet. Haugland håper nokon har tips, at vitne har sett eitt eller anna i løpet av pinsen som kan setja politiet på sporet av syndarane.
– Eg synest det er heilt ufatteleg at nokon vil strekka seg så langt for å stela nokre tusenlappar frå eit idrettslag, seier Marita.
– I tillegg til tapte kroner må vi no bruka pengar på å reparera og forsterka panteskuret. Veggen blir reparert i dag, så folk må berre koma med påfyll, om dei vil.