Omfattande og merkeleg hærverk
Dagleg leiar i Os fotball, Endre Brenne, fekk besøk av politiet i dag tidleg.
Etter å ha møtt opp på Kuventræ klokka 06 i dag tidleg for å førebu ei akademitrening, var det eit sjokkerande syn som møtte trenar og dagleg leiar i Os fotball. Fleire store reklamebannarar er kutta opp og sikkerhetstauet på tribunen er også kutta opp og øydelagt.
– Eg er heilt sjokkert, dette er berre trist. Det er ikkje noko slikt vi ønskjer å bli møtt av når vi stiller opp på jobb om dagane, seier Endre Brenne
Fann kniv på staden
Etter å ha gått over plassen fann Brenne noko som kanskje kan knyttast til hærverket.
– Vi fann ein kniv på plassen, dette er jo ein plass kor vi ikkje ofte finn noko slikt slengande rundt. Den kan kanskje knyttast til hærverket, men det må nok politiet undersøkja, seier Brenne.
– Vi har sikra kniven og oppretta sak, seiervakthavande politibetjent.
Gjentakande uro
Det er ikkje første gongen at det har skjedd hærverk på Kuventræ den siste tida. Det har ved fleire høve vore innbrot i kiosken og hjartestartaren har også vore gjenstand for tjuveri fleire gongar.
– Vi skal få sjekka ut kva vi har lov til i forhold til overvaking. No har det vore mykje den siste tida og vi er nødt til å få betra denne situasjonen. No håper eg politiet finn ut kven som har drive med dette tullet, konkluderer Brenne.
Kanskje fanga på film
Det er håp om at den eller dei som har gjort hærverket er fanga på film. Osbadet har fleire kamera som har vore i bruk gjennom natta og som kan ha fått opptak av syndarane.
– Dette ønskjer eg ikkje å kommentera, dette må nesten politiet ta seg av, men det er lov å håpa, avsluttar Brenne.