Hamna midt i dramaet
Dei frivillige frå Medics Bergen blei sjølv råka av gummikuler då dei henta ut flyktningar som kollapsa i opptøyene i Idomeni i Hellas søndag.
I november i fjor oppretta nokre engasjerte helse- og redningspersonell frå Bergen og Os Medics Bergen, ein liten frivillig organisasjon som reiste til øya Lesvos i Hellas for å bidra med akuttmedisinsk helsehjelp til båtflyktningane som kom i land.
Les òg:
Ni osingar til Lesvos for å hjelpa
Berga to veker gamal baby
Engasjementet, som først var tenkt å vera kortvarig, har blitt ein permanent organisasjon og medlemmane kjem no frå heile Noreg, men òg andre land, som USA og Spania.
– Vi har vore til stades sidan midten av november, kun med nokre få avbrekk, så det har blitt litt lengre enn vi hadde tenkt i starten, fortel Stine Haldorsen Bakke frå Os.
Ho er ambulansearbeidar og ein av dei som var med å starta opp Medics Bergen.
Flytta arbeidet til Idomeni
I mars endra situasjonen seg i Hellas, og organisasjonen beslutta å flytta arbeidet sitt til Idomeni, ein by på grensa til Makedonia, for ein månad sidan.
– Det var rundt 20.000 flyktningar i leirar der. No har nokre av dei blitt flytta til militærleirar, men framleis er det veldig mange flyktningar der. Mange har vore der i to månader under vannvittig tøffe forhold. Behovet for helsepersonell var stort og vi var tidlig ute, no har det kome fleire til og vi er betre dekka.
Arbeidet til dei frivillige har endra seg frå å ta i mot flyktningar som kom båtvegen frå Tyrkia til no å jobba i leirar der fleire av båtflyktningane har endt opp og ikkje kjem seg vidare.
– Vi arbeider mobilt og er ute blant flyktningane. Å vera mobile er ein fordel for då kan vi skilja ut kven vi kan hjelpa på staden og kven som treng å flyttast til klinikken, forklarar Stine og fortel at mage/tarm sjukdomar, vannkopputbrudd og luftvegsinfeksjonar har vore utbreidt.
– Dei brenn alt dei får tak i for å halda varmen, både plast og anna, og dei blir sjuke av den giftige røyken dei då pustar inn.
Hamna midt i opptøyene
Situasjonen til flyktningane og migrantane er dårleg og då det i helga byrja å gå rykter om at grensa mot Makedonia skulle opnast så var det ikkje lett å få dei til å tru noko anna.
– Vi prøvde å forklara dei at det ikkje kom til å skje, men når dei er så desperate som dei er så grip dei etter alle halmstrå dei kan.
Medics Bergen hadde fire frivillige i Idomeni, tre frå Noreg og ein frå USA. Dei forsto at noko kom til å skje og reiste tidleg inn til leiren sundag.
– Det som møtte dei var tusenvis av menneske som hadde pakka saman telta sine og var klare til å reisa. Men grensa opna ikkje og det oppstod opptøyer.
Makedonsk politi skaut på flyktningane med tåregass, sjokkgranatar, vasskanoner og gummikuler.
– Det var kaos, både born og vaksne blei råka. Teamleiaren til Medics Bergen, frå USA, kom seg i front for å prøva å dra med seg flyktningane som kollapsa. Han trur han fekk drege ut 80-100 menneske under opptøyene og blei sjølv råka av gummikuler.
– Innsatsen til våre fire medlemmar var formidabel, dei gav akutt hjelp i felten og transporterte folk inn til Leger Uten Grenser sine klinikker. Vi er veldig stolte av arbeidet våre medlemmer gjer i samarbeid med andre organisasjoner.
– Vi er vane med å jobba operativt og eigensikkerheit er alltid eit fokus for oss. Det er ein av fordelane med å ha prehospitalt personell.
– Føler oss trygge
Trass i ein dramatisk sundag så seier Stine at dei ikkje føler seg utrygge.
– Men at arbeidet er heilt ufarleg det kan eg ikkje seia. Når det er sagt så opplever vi at flyktningane er veldig imøtekommande og deler alt av det lille dei har.
Dei frivillige i Medics Bergen vurderer frå veke til veke om innsatsen deira skal halda fram på same stad. Stine fortel at myndigheitene no har byrja å flytta flyktningane til militære leirar der dei frivillige ikkje kjem inn.
– Vi blir her minst to veker til og så får vi sjå kva som skjer. Det er også eit økonomisk spørsmål på kor lenge vi kan halda på.
Kan bli stoppa av økonomi
Dei frivillige betaler for reise og opphald sjølv, men organisasjonen er avhengig av donasjoner for å kjøpa inn utstyr, drivstoff og mat og vatn til flykningane.
– Vi er ingen dyr organisasjon og bruker ekstremt lite pengar. Den eine dagen gjekk det 140 euro til mat og vatn. Men no er det snart tomt og det kan det vera vi blir tvungen til ein pause, seier Stine, som håper det ikkje blir tilfelle for organisasjonen ho ser kan gjera mykje godt både under den pågåande flyktningekrisa, men og andre stadar i verda.
– Primært så starta vi på grunn av flyktningekrisa og det er der fokuset vårt er no. Men det fins mange andre kriser i verda og vår kompetanse kan brukast fleire stadar.