Berga to veker gamal baby
Osingen Daniel Røen leiar denne veka Medics Bergen sin innsats på Lesvos. Onsdagen blei dramatisk.
TV2 skriv i dag om norske politifolk frå Kripos om bord i redningsskøyta Peter Henry von Koss som i går var med å berga ein synkande båt med fleire born ombord, mellom anna ein to veker gamal baby som hamna i vatnet.
Då redningsskøyta kom til land sto to team frå Medics Bergen klare til å ta imot flyktningane og gje bistand.
Prematur baby i vatnet
Midtsiden har fått lov av osing og teamleiar Daniel Røen til å gjengje deira skildring av den dramatiske hendinga, slik dei sjølv deler den på facebooksida til Medics Bergen (MB).
– Hektisk morgon! Første båt skal ha kome inn klokka 5 i dag tidleg.
– MB var tilstede med to team da den norske RS Peter Henry Von Koss kom med 51 flykningar. Båten hadde kantra og fleire var plukka opp av sjøen. Våte og kalde, éin til sjukehus med sjukdomsrelaterte problem. Eit barn funnen omkommen i sjøen. 18 barn. Eitt prematurt barn, 2 veker gamalt har vore i sjøen.
– MB har og vore til stades med eitt team i Skala der kystvakt har ankommet med ein annan båt som hadde kantra. Ein livlaus til sjukehus under pågåande HLR.
– Det har også kome båtar inn langs mud road, eit team frå MB på staden. Ingen skadd! Nå blir det litt lunsj og ein god prat før noko anna.
Surt og kaldt
Før den dramatiske onsdagmorgonen hadde Daniel gitt denne statusrapporten heim til Noreg om situasjonen på Lesvos, ikkje heilt som ein forbinder med ei varm middelhavsøy.
– Første dagen var prega av sur vind og snø, speilglatte veier og ingen båter - heldigvis! Det har vore tre dagar uten båtar, først i går kom det båtar igjen. Det skyldes nok roligare vær etter dagar med snøstorm. Sola er no kome fram, men det er biiiiiitande kaldt ute! 6 gradar på det varmaste idag. Vegane er prega av det voldsomme uværet, og veien er nærmest skylt bort enkelte stader. Det har også gått små ras fleire stader.
– På morgonen i går kom det rundt 10-12 båtar. Medics Bergen var til stades på fire av desse. Ingen akuttmedisinske situasjoner. Våte og kalde, men ellers i god forfatning, rapporterte Daniel om tysdagen.
Endra krav frå myndigheitene
Natt til onsdag hadde Medics Bergen nattevakt på Lighthouse 2, ein stad gruppa også tidlegare har vore i aksjon. Det blei ei roleg natt utan at det kom båtar,
– Ellers er situasjonen noko endra siden før jul. Kystvakta er meir aktiv og politi er meir synleg. Også den norske redningsskøyta er utanfor nordkysten og patruljerar. Det er auka fokus på at frivillige følgjer lover og regler, samt har dokumentasjon og legitimasjon i orden, fortel Daniel Røen.
Medics Bergen består av frivillige helse - og redningsarbeidere som ønsker å bistå arbeidet med flyktningekrisa i Europa. Dei som reiser er leger, sykepleiere, ambulansearbeidere og brann- og redningspersonell som gjer det på eigen innsats og for eigen penger og med støtte frå innsamla midler.