God start på UM i friidrett
Frida Steinsland persa og tok bronse.
Denne helga blir innandørs-UM i friidrett arrangert i Ulsteinvik.
Frå Os Turn deltar Frida Steinsland (15), Sondre Pedersen Matre (G15) og søsknene Synne Hjertaker (J15) og Martin Hjertaker (18).
Jennie Bos (J15) frå Lysefjorden, som no deltar for Fana, er også blant deltakarane i UM.
Frida Steinsland fekk ein veldig god start på UM.
Ho persa med 10,39 i tresteg (førre pers var 10,35) og fekk bronse i konkurranse mot ni andre på denne øvinga.
Her er Sondre Pedersen Matre i gang med forsøket på 60 meter:
Sondre kom på 2. plass i sitt heat og 6. plass totalt av 25 utøvarar i forsøket på 60 meter.
No ventar semifinalar.
Synne persa med 8,67 (førre pers var 8,68) på 60 meter, noko som heldt til 11. plass av 17 deltakarar i forsøket.