Sport | 04. okt. 2022

Ingen 17-åringar har hoppa høgare i 2022

Martin Hjertaker avslutta sesongen på best mogleg måte. Det var han ikkje åleine om.

Ingen 17-åringar har hoppa høgare i 2022
Martin Hjertaker (midten), her under Oslekene i september. (Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 04. okt. 2022 15:19

Helga for ei god veke sidan blei årets friidrettssesong avslutta med kretsmeisterskap på Fana Stadion.

Lysekloster idrettslag stilte med fleire unge og lovande. Oscar Djupvik Søreide tok gull i diskos, sølv på 60 meter hekk og bronse på 60 meter, Ludvig Våge Fosså tok sølv i diskos og Kine Eriksen tok sølv i 60 meter hekk.

Elise Bos tok heile sju gull, og blei kretsmeister på både 60 meter, 60 meter hekk, 200 meter, høgde, lengde, tresteg og diskos.

Ungdomane frå Os Turn Friidrett gjorde det også svært bra.

Bildeserie:

Elise Bos tok heile sju gull. (Bilde frå Oslekene i september, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Elise Bos tok heile sju gull. (Bilde frå Oslekene i september, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sondre, Synne og Frida. (Foto: Privat)
Sondre, Synne og Frida. (Foto: Privat)
Martin, best i kretsen, best i landet. (Foto: Privat)
Martin, best i kretsen, best i landet. (Foto: Privat)
1 av 3

Sondre blei kretsmester både på 60 meter og 200 meter. Ny pers på 60 meter er 7.83.

Frida Berge Steinsland vann lengde med ny pers, 4.88 meter, som er 4. best i landet i lengde for jenter 14.

Martin Hjertaker klinka også til med siger og ny personleg bestenotering. 1,90 meter er både 4 cm betre enn førre pers, og årsbeste i Norge i gutar 17.

Sjå Frida og Martin sine hopp:

Martin sin førre pers på 1,86 er frå i fjor. Årets sesong har vore noko prega avskade.

– Eg vrikka ankelen i påsken. Det var heldigvis ikkje satsfoten, men det gjorde at tresteg blei vanskeleg og i høgde har det dessverre vore ein sesong med fleire middels gode resultat, seier Martin til Midtsiden.

Så klarte han 1,85 i junior-NM i Bærum.

– Det var godt å vera tilbake. Høgda ville vore god nok til pallplass i fjor, men det blei 6. plass denne gong.

– Eg hadde håpa å persa under Oslekene, men der var det vind og litt vanskelege forhold, og 1,84 meter var det beste eg fekk til.

1,90 på første forsøk

Hjertaker frykta at det skulle bli ein sesong utan ein einaste centimeter opp. Derfor blei gleda ekstra stor under KM.

– Først persa eg med 1,87 meter, så gjekk eg rett til 1,90. Eg visste at det høgaste i G17 i år var 1,89 cm.

1,90 meter gjekk på første forsøk.

– Det var veldig kjekt! Dessverre køyrde arrangørane høgdehopp i ei stor pulje frå 11 år og opp. Eg gjekk med piggsko i nesten to timar, og dei fleste hadde gått heim då det var 17-åringane sin tur, så det var ikkje mange igjen som fekk det med seg.

Neste konkurranse no er i januar. Så blir det kanskje innandørs NM i mars før UM og kanskje også senior-NM på seinsommaren 2023.

– Seniorkravet er 1,95 meter, så eg har litt å strekka meg etter. Det blir ein haust med styrke- og annan barmarkstrening, så får eg håpa på vidare framgang neste år, seier gymnaseleven.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.