Sport | 31. jan. 2023

Årsbeste i Norge på hekk og lengde

Lysekloster og Os med fleire medaljar og resultat i norgestoppen.

Årsbeste i Norge på hekk og lengde
Elise Bos har både den tida og største lengda i landet til no. Her innandørs under AKS-Leikane. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 31. jan. 2023 09:31

Innandørssesongen i friidrett er i full gang. I helga stilte både Lysekloster il og Os TF friidrett i AKS-Leikane Indoor i Leikvanghallen.

Lysekloster stilte med berre fire yngre utøvarar, men markerte seg likevel.

Kine Eriksen forbetra sin eigen personlege rekord med tre tidelar og vann 60 meter hekk for jenter 12 på tida 11,63.

Kine vann også 60 meter og lengde med 3,80 meter,

Oscar Djupvik Søreide vann gutar 12 då han sette ny pers med tida 11,41.

Oscar tok sølv i med eit hopp på 4,05 meter, også det ny pers, og andreplass på 60 meter.

Elise Bos kom i mål på 10,31 på 60 meter hekk. Dette er også den beste tiden i Norge i denne klassen så langt i år.

Det blei også norsk årsbeste og ny pers med 5,13 i lengde. I tillegg vann ho 60 meter.

Ludvik Våge Fosså fekk ny pers og vann 600 meter med tida 2,03.07. Han fekk også ny pers og 4. plass med 3,52 meter i lengde. PÅ 60 meter blei det 3. plass.

Les meir på lysekloster.no

Raske og spenstige ungdomar

Os friidrett stilte med utøvarar frå 12 år og opp til over 20.

Sondre Pedersen Matre knuste sin eigen pers på 60 meter og vann gutar 15 på tida 7,60. På 200 meter blei det ein fin 2. plass på tida 25,23.

Oskar Guldbrandsøy seinka sin årsbeste på 60 meter til 8,02.

Heloise Espeland i jenter 12 var med i lengde, 60 meter og høgde, og fekk 3. plass i høgde.

Frida Berge Steinsland i jenter 15 persa med 15 cm i lengde. 5,03 meter er 3. beste i Norge til no i år.

F.v.: Frida Berge Steinsland, Synne Hjertaker og Sondre Pedersen Matre. (Foto: Privat)
F.v.: Frida Berge Steinsland, Synne Hjertaker og Sondre Pedersen Matre. (Foto: Privat)

Frida tok også 3. plass på 60 meter (8,76) i fin duell med Synne Hjertaker, som tok 4. plass (8,89).

Synne vann 60 meter hekk på 10,57 og fekk i tillegg 3. plass på 200m.

Martin Hjertaaker over lista på 1,88. (Foto: Privat)
Martin Hjertaaker over lista på 1,88. (Foto: Privat)

Martin Hjertaker i gutar 18 fekk ny årsbeste med 1,88 meter i høgde, noko som er nest beste resultat i Norge i år.

I slutten av september i fjor persa han med 1,87 før han gjekk rett til 1,90 meter, som er det høgaste nokon 17-åringar i Norge hadde hoppa til då i 2022.

Sondre Emil Kleppe, som fyller 21 i år, hadde beste start og sette ny pers med 7,67 på 60 meter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.