Lokal | 08. mars 2013

Glede og uro i elvalaget

Grunneigarlaget gler seg over forslag om at fisketidene i Oselvo nærmast skal "tilbake til normalen", men er litt uroleg for all fisken som nyleg samla seg ved utlaupet til Oselvo.

Glede og uro i elvalaget
Nokre av dei over 100 fiskane som i går sto under Osbrua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. mars 2013 08:50

Fylkesmannen i Hordaland har kome med forslag om å starta fisket i Oselvo 1. juli i år. DN sluttar seg til forslaget, som no er ute på høyring med svarfrist 1. april.

– Vi gler oss over dette, men meiner samstundes at vi fint klarer å regulera fisket sjølv, seier styremedlem i gruneigarlaget på Søfteland, Roald Helle.

Då fisket i Oselvo i fjor starta så seint som 15. juli hadde fisketida frå 2009 til 2012 blitt redusert frå 15 til 8 veker på tre år.

Les òg: Ikkje nøgd med nye fisketider

– Det er dokumentert tilfredsstillande og stabil mengd med yngel frå år til år. Vi grunneigarar kjenner elva og følgjer godt med. Vi kunne fint ha starta fisket i juni, som før, og regulert i løpet av sesongen om det var naudsynt.

Over 100 fisk under Osbrua

Grunneigarlaga hadde årsmøte i går, og eit av emna dei tok opp var fisken som dei to siste dagane har samla seg under Osbrua, ved utlaupet til elva.

I februar i fjor var forskarar å leita etter lus på aure som sto i elva.

– Eg var og såg på det i går, det står over 100 fisk der, 95 prosent er sjøaure, og så er det litt smolt og nokre vinterstøingar på veg ut.

– Formen ser betre ut enn på dei som var her i fjor, men nokre har lus og nokre har skader frå lus, seier Helle.

Fisken skal no ut i sjøen og eta seg feit til dei kjem tilbake i mai og juni.

– Vi kjem til å følgja med på dei og kor lenge dei blir ståande. Dei har ikkje lang tid å eta seg feit på, det er synd om dei blir ståande 1/3 av tida under Osbrua, for der er det ikkje mykje mat.

Ei klype salt

Forskarane konkluderte i fjor med at auren ikkje sto ved elveutlaupet for avlusing (lusa døyr i brakkvatn/ferskvatn), men for å justera saltbalansen.

Det blei funne lus på berre 1 av 36 aure. Men då hadde rett nok auren stått i brakkvatn i nesten to veker, noko som gjer at ein del fiskarar i Os tar rapporten "med ei klype salt".

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.