Leitar etter lus
Uni Miljø er i Oselvo for å filma og fanga aure som er mistenkt for å vera kraftig ramma av lakselus.
Etter at Midtsiden før helga kontakta to av forskarmiljøa i Bergen med spørsmål om auren i Oselvo har forskarane fatta interesse for, og oppdaga, at dette er sjøaure med lus.
– Viss dette er villfisk med lus, på denne tida av året, er det svært interessant, sa forskar Steinar Kålås hos Rådgivende Biologer, som ville ha kasta seg i elva med dykkarmaske same dag, om han hadde vore innanlands.
Det er vanleg at auren kjem til brakkvatn for avlusing, sidan lusa ikkje liker ferskvatn. Men det er sjeldan at det er mykje lus når temperaturen er låg. Forskarane trudde først at auren kom til brakkvatn i Oselvo for å få orden på saltbalansen, noko som også er vanleg. Men no ser det ut til at auren er full av lus.
Film og fiske
Og innanlands var fleire forskarar frå Uni Miljø, og dei var med dykkarar i Oselvo både i helga og i dag.
– Vi har fått løyve av fylkesmannen og grunneigarane å ta opp eit utval, fortel leiar hos Uni Miljø, Bjørn Barlaup.
– No vil vi først filma fisken, så bruker vi eit garn som trål og prøver å ta opp 30 til 50 fisk.
Fann villfisk og lus
Utanfor gjestebrygga i Os er det sjøaure som står, men denne var ifølgje forskarane litt vanskeleg å filma.
– Den virvlar opp salt i brakkvatnet som ligg øvst, så det blir slørete bilde, sa Bjørn, før han og kollegaene gjekk lengre opp i elva for å filma.
Der fann dei både sjøaure, regnbogeaure, villaks og oppdrettslaks.
– Det var mest villaks. Laksen såg ut til å vera fri for lus, men det var aure med veldig mykje lus å sjå.
I ettermiddag held forskarane fram med forsøk på å fiska opp noko av auren.