Ikkje lus likevel
Berre 1 av 36 aure hadde lus. Forskarane held fast ved teorien om at auren er i Oselvo for å få orden på saltbalansen, men seier det ser ut som om lakselus er ein trussel for sjøauren.
Store stimar med aure nedst i Oselvo gjorde at Midtsiden i førre veke tok kontakt med to forskarmiljø i Bergen for å få ei forklaring. Både Rådgivende Biologer og Uni Miljø meinte årsaka var at auren, som taklar kaldt sjøvatn dårleg, oppsøkte brakkvatn for å få orden på saltbalansen.
Samtidig blei dei nyskjerrige, og kom laurdag til Os for å sjå nærmare på fisken. Ved første augekast såg mange av dei ut til å vera smitta av lakselus, derfor blei det snorkling, filming og fangst, med løyve frå fylkesmannen og grunneigarlaget, måndag for to dagar sidan.
Undersøkinga blei gjort på oppdrag av Direktoratet for Naturforvaltning.
– Vi tok opp eit utval på 36 sjøaure. Desse varierte frå 23 til 38 cm i lengde og vekt frå 100 til 500 gram, fortel leiar for Uni Miljø, Bjørn Barlaup til Midtsiden.no.
Berre éin av desse 36 hadde lus på seg.
– Fisken som hadde lus på seg hadde 14 fastsitjande chalimuslarver.
Målte saltnivået
Ved måling av salinitet viste det seg at saltvatnet hadde 30 promille saltinnhald og temperatur på 4 gradar, medan overflatesjiktet med brakkvatn hadde saltinnhald på cirka 3-9 promille og ein temperatur på rundt 2 gradar.
– Auren sto i det øvste sjiktet. Observasjonene gjenspeiler truleg at sjøauren aktivt unngår det salte vatnet for å regulera saltbalansen, seier Barlaup.
Lus likevel eit problem
Blant auren som blei observert måndag var det fleire som hadde pigmentskader som truleg stammar frå luseangrep.
– Desse utgjer ein liten del av auren i området, så lusa er neppe årsak til at auren no er i brakkvatnet. Men funnet av lakselus på den eine auren, og observasjonane av pigmentfeil, gjer at vi trur lakselus er ein trussel for sjøauren i og rundt Oselvo.
Såg over 60 villaks
Lengst oppstraums, ved utløpet av Oselvo, blei det observert i overkant av seksti villaks. Dette var utgytt villaks, sokalla vinterstøingar, som seinere vil vandra ut i sjøen for sitt andre sjøopphald.
I tillegg ble det observert éin oppdrettslaks, to rømte regnbueaurar og tolv sjøaurar på over eitt kilo.