Politi | 20. mai 2021

Full ungdom sovna i Os sentrum

Politiet rykte ut til ungdomsgjeng onsdag i 18.30-tida.

Full ungdom sovna i Os sentrum
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. mai 2021 09:33

Onsdag klokka 18.42 rykte politiet ut til ein ungdomsgjeng som hadde samla seg i Os sentrum.

Ein av dei, ein gut i ungdomsskulealder, hadde sovna.

– Han framsto som svært full, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Dei andre ungdomane, tre gutar og fire jenter, skal ha sett ut som om dei var edru.

– Vi kontakta foreldra til alle åtte, seier Lyssand.

Ho reagerer på den unge alderen, og at dette skjer tidleg på kvelden, midt i veka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.