Lokal | 03. mars 2021
Tre ungdomar i slåstkamp
Politiet opprettar sak.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. mars 2021 09:04
Tysdag i 20-tida rykte politiet ut til ei privat adresse utanfor Os sentrum.
– Tre personar, alle under 18 år, hadde vore i handgemeng med kvarandre. Ingen var alvorleg skadd, men ein av dei blei tatt til legevakt for sjekk, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.
Dei tre gutane er i ungdomsskule og vgs-alder.
– Det er for tidleg å seia kva konflikten handla om, eller kva som var opptakta til handgemenget, seier Grindstein.
Politiet har oppretta sak på kroppskrenking.