Politi | 07. aug. 2023

Full jente og laus papegøye

Politiet har i helga sjekka støy frå fest og MC - og tatt hand om ein ung festdeltakar.

Full jente og laus papegøye
Bjørnafjorden politistasjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. aug. 2023 07:58

Klokka 03.31 natt til søndag fekk politiet melding om ei jente i Lepsøyvegen, ved Os Lakk og Karosseri, som såg ut til å trenga hjelp.

– Ein patrulje køyrde ut og møtte ei full jente. Ho blei tatt med til legevakt for sjekk. Foresatte blei varsla, og dei kom og henta jenta, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet har også fått fleire klagar på støy frå fest i helga.

I 01-tida natt til laurdag kom det klage på støy frå gjestebrygga ved Peppes. Det var roleg der då patruljen kom til staden.

Klokka 23.25 laurdag kveld kom det klage på støy på Søfteland. Då politiet kom til staden var det 10-15 personar i ein hage. Dei lovde å trekka inn i huset for å unngå fleire klagar.

Det var ikkje berre festlege lag som laga lyd i helga. Laurdag ettermiddag litt før klokka 17 stoppa politiet ein motorsyklist rett utanfor Skogafjellstunnelen.

– Motorsykkelen mangla støydempar («DB-killer»). Førar fekk mangellapp og køyreforbod.

Laurdag kveld i 18.50-tida fekk politiet melding om funn av papegøye på Søfteland. Den besøkte ein terrasse, men huseigar hadde ikkje eigna plass til oppbevaring av denne, og la ut melding i sosiale media.

Papegøyen var merkt. Eigar meldte seg og kunne visa dokumentasjon på at det var vedkomande sin papegøya då den blei henta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.