Politi | 03. aug. 2023
Skreiv ut 24 forelegg
Tok trafikksyndarar i tre kategoriar.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. aug. 2023 09:37
Onsdag klokka 12.30 hadde politiet trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen.
Dei sto i 80-sona mellom Skogafjellstunnelen og Moberg med laser, og skreiv ut heile 21 forenkla forelegg.
– Høgaste målte fart står ikkje notert i loggen, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
I tillegg blei det stoppa éin utan bilbelte og to for bruk av handhalden mobiltelefon.
Sistnemnde får kvar sine forelegg på 9.700 kroner og tre prikkar på førarkortet.