Lokal | 14. juni 2012

Frustrasjon snudd til optimisme

Før helga var ordføraren frustrert og irritert over signala om mogleg utsetjing av oppstart på E39. - No ser det igjen lysare ut, seier Terje Søviknes.

Frustrasjon snudd til optimisme
Ordførar Terje Søviknes (Frp) ved Svegatjørn tidlegare i vinter (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 14. juni 2012 12:45

Då meldinga kom om at samferdselsdepartementet i eit brev til stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H) meir enn antyda ei utsett oppstart av E39 Svegatjørn-Rådal var det ein frustrert og irritert ordførar Terje Søviknes (Frp) Midtsiden snakka med.

Sjølv om Ingrid Netland (Sp) tok kontakt med partifellene i departementet og fekk forsikringar om at statsråden sin jobb for oppstart som planlagt var ikkje ordføraren heilt trygg.

- Alle vi som har vore involvert i prosjektet følte vel på frustrasjonen før helga.

- Sjølv har eg jobba hardt for å finna ut om det gjekk an å snu den negative meldinga til noko positivt, fortel Søviknes, som tok kontakt med politisk leiing i departementet.

Tek initiativ til parallell handsaming

Etter samtalar og tekstmeldingar med politisk rådgjevar Sigrid Brattabø Handegard (Sp) har Søviknes igjen fått trua på oppstart i 2013.

- Vi har hatt gode samtalar og tekstmeldingutvekslingar.

- Det er tydeleg at politisk leiing i departementet jobbar for å få til ein oppstart som planlagt hausten 2013.

- Mellom anna vil dei ta initiativ til ein parallell prosess der den eksterne kvalitetssikringa (KS2) og ferdigstillinga av reguleringsplanane i Bergen blir køyrde samstidig, fortel Søviknes.

Godkjenner reguleringsplanane tysdag

Ifølgje ordføraren er dei klare signala frå Bergen at dei tar sikte på ei slutthandsaming av reguleringsplanane på møte i bystyret 17. september. Kommunestyret i Os skal sjølv handtera reguleringsplanane som dei har ansvaret for på førstkommande møte 19. juni.

- Ligg det nokre steinar i vegen i høve den handsaminga de skal ha på tysdag?

- Nei, det er ingenting som rokkar ved dei reguleringsplanane vi skal vedta, forsikrar ordføraren.

Spent på KS2

Meir spent er han på kva utfallet av den eksterne kvalitetssikringa (KS2) av prosjektet vil bli.

- Det er alltid spennande å sjå kva KS2 seier.

- Då skal eksterne mellom anna etterprøva kostnadar og trafikkprognosar, noki som er avgjerande i forhold til finansieringspakka.

- Uansett er Sigrid Brattabø Handegard klar på at ho, saman med samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, vil ta initiativ til at den politiske leiinga i departementet sett seg saman med oss lokalt for å finne løysingane i høve til finansieringa, fortel Søviknes.

Vedtak i stortinget våren 2013

I finansieringspakka som ligg inne i den gjeldande nasjonale trafikkplanen (NTP) er det lagt opp til ei kostnadsdeling på 60% bompengefinansiering og 40% statleg medverknad.

- Eg opplever at motivasjonen er stor hos alle partar til å få fram planen og finansieringsløysinga til stortinget i vårsesjonen 2013 slik at dei kan vedtakast før den nye NTPen skal handsamast i juni neste år.

- Det er avgjerande for ikkje å få ei forseinking. Kjem vedtaket først etter at ny NTP er vedteken, må vi venta på handlingsprogrammet som ikkje skal opp før i desember 2013, forklarar Søviknes om den politiske prosessen.

Anleggsveg startar til hausten

I tillegg til kontakt med departementet har ordføraren vore i kontakt med regionvegsjef Helge Eidsnes og fylkesrådmann Paul Nilsen for å diskutera oppstarten av anleggsvegen inn til Endelausemarka.

- Planen om å starta på denne no til hausten ligg fast.

- Vurderinga var om anleggsvegen skulle venta etter dei signala som kom førre veke eller om vi skulle køyre på som planlagt.

- Konklusjonen, vi er alle samde om, blei å køyre på som planlagt og få laga denne vegen i løpet av hausten og vinteren.

- Det trur eg er veldig bra for prosjektet og eit viktig signal inn til departementet og stortinget, avsluttar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.