Lokal | 08. juni 2012

Likevel oppstart i 2013?

I går kom meldinga om at oppstarten på ny E39 kunne bli utsatt. - Ministeren jobbar for oppstart som planlagt, seier Ingrid Netland (Sp).

Likevel oppstart i 2013?
Ingrid Netland (Sp) har fått forsikringar frå partifellene i samferdselsdpartementet om at dei jobbar for oppstart i 2013 (fotomontasje: Kjetil Vasby Bruarøy/Statens Vegvesen)
Andris Hamrefredag 08. juni 2012 15:09

Midtsiden i går kveld melde at det såg ut som om oppstarten på ny E-39 mellom Svegatjørn-Rådal blir utsatt frå 2013 kasta kommunestyrerepresentant og varamedlem til plan og bygningsutvalet Ingrid Netland (Sp) seg på linjene til partifellene i samferdselsdepartementet.

- Her tydar det på at det har vore ei mistolking eller misforståing mellom departementet og Øyvind Halleraker (H), seier Netland.

Frå statsekretær Sigrid H. Brattabø i samferdselsdepartementet fekk eit klart svar.

- Vårt mål er at Svegatjønn-Rådal skal starta opp neste år, berre Bergen no får klar sine reguleringsplanar, skriv Brattabø i ein e-post til Netland.

Dermed ligg ballen hjå bystyret i Bergen og ikkje hos samferdselminister Magnhild Meltveit Kleppa i følgje statssekretæren.

Kortfakta: E-39 Svegatjørn-Rådal

  • 16 km ny E-39 mellom Os og Bergen
  • 1 km ny fylkesvei i Os fra Endelausemarka til Lysefjordvegen
  • 3 km ny fylkesvei 580 - Flyplassvegen i Bergen
  • 3 km nye gang og sykkelvegar i tilknytning til prosjektet
  • Omlegging av Fanavegen og Ulvenvegen
  • 4-felts motorvei
  • Total tunnel-lengde: 14 km i to løp
  • 2 km overvannstunneller i to løp
  • Totalkostnad: 4,2 milliardar (prisnivå 2008)
  • Forventa anleggsstart: 2013
  • Forventa opning: 2018
  • Første gong omtala i 1964 då staten kjøpte land ved Klokkarvatnet i Fana for tunnellpåhugg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.