Lokal | 07. juni 2012

Ny E-39 forseinka

Oppstarten for E-39 Svegatjørn-Rådalen blir truleg utsett. - Det er forferdeleg irriterande, seier ordførar Terje Søviknes.

Ny E-39 forseinka
Ordførar Terje Søviknes (Frp) har grunn til å rynke på nasen etter at meldinga kom om at ny E-39 truleg blir utsett. Her på befaring ved Endelausemarka saman med Arne Eltvik frå Statens Vegvesen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 07. juni 2012 19:49

Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H) har ved fleire høve tatt opp forskjellige forhold rundt samferdsla i bergensområdet og på Vestlandet frå sin posisjon på Stortinget. Seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett, kor han stilte eit konkret spørsmål til samferdsleministeren om det blei oppstart for E-39 Svegatjørn-Rådalen i 2013 som planlagt.

- Slik eg har skjønt var svaret han fekk frå samferdseldepartementet ikkje bra for prosjektet.

- Dei svarte at dei venta på vedtak om reguleringsvedtekter frå Bergen bystyre, før dei skal gjennomføra KS 2 (Kvalitetssikringspakke 2) og førebu stortingsproposisjon omkring bompengefinansieringa.

- Summen av dette var at departementet ikkje ser ein mogleg oppstart i 2013, seier ein irritert ordførar Terje Søviknes (Frp).

Må undersøke vidare

Meldinga om forseinkinga er såpass ny at ordføraren ikkje har fått klarheit i riktig alle tilhøva.

- Vi hadde håpa og satsa på oppstart seint i 2013. Om det no blir oppstart tidleg 2014 er ikkje det sikkert det gjer så mykje for ferdigstillinga.

- Vi må rett og slett sjå kva dette betyr reelt sett.

Ordføraren trekk fram situasjonen for pendlarane frå Os til Bergen som kvar dag må stå i kø over Vallaheiene. Ein kø som med ny E-39 vil forsvinna.

Staten sitt ansvar

Ny E-39 Svegatjørn-Rådalen er eit stamvegprosjekt og dermed også eit statleg ansvar.

- Det er staten som har prosjektansvaret. Det er dei som skal lose prosjektet i hamn både økonomisk og framdriftsmessig.

- Dessverre ser vi igjen at prosjektet blir skove på, noko eg ikkje kan la vera å bli irritert over, avsluttar ordførar Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.