Vêret i Os | 16. okt. 2023

Ein forsmak på finvêret vi har i vente

Det kjem meir nedbør, men mesteparten av veka blir lettskya og solrik.

Ein forsmak på finvêret vi har i vente
Os hamn måndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. okt. 2023 07:57

Onsdag blei prega av kuling, velta tre og stengte vegar, onsdag og laurdag blei fotballkampar som skulle vore spelte på Kuventræ utsette.

Laurdag blei ikkje like heftig som onsdag, men lokaloppgjeret Os - Lysekloster får uansett finare forhold i morgon enn dei ville hatt i helga.

Måndag morgon er det vindstille og sol i Os, men vêromslaget er ikkje heilt her enno.

Det er nemleg meldt regn samanhengande frå 15-tida i dag til godt ut på tysdagen, men opphald frå 17-tida i morgon.

Så får vi opphald resten av veka og gjennom heile helga.

Det er meldt overskya onsdag, skyfritt torsdag til og med laurdag og lettskya søndag.

Det er venta noko kaldare vêr nærmare helg, frå 8-9 gradar midt i veka til 5-6 gradar og kanskje ned mot 1 plussgrad natt til laurdag.

Torsdag kan vindstyrken koma opp i 7-8 m/s, elles skal det vera meir stille.

Måndag om ei veke er det venta nedbør igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.