Ein annleis detektiv
Det er ikkje berre Jul i Flåklypa som står på plakaten når bygdekinoen kjem søndag.
Billettane til filmen Jul i Flåklypa skapte folkevandring og blei røska vekk fredag klokka 12. Bygdekinoen har med seg enda ein norsk film til Oseana denne dagen, den mykje omtalte Detektiv Downs.
Les om Flåklypa her:
Populære sjarmtroll
Fullt hus med Flåklypa
Detektiv Downs
Detektiv Downs handlar om Robert Borgerud som driv eiga detektivbyrå. Businessen går heller dårleg, ingen vil hyra han - det er ikkje lett å vera einaste detektiven med Downs Syndrom.
Alt endrar seg då ei mystisk kvinne dukkar opp på Robert sitt kontor. Ho fortel at mannen hennar, den kjente skøyteledenda Olav Stjernen er forsvunnen og dei fryktar det verste.
Det visar seg at familien eigentleg treng ein inkompetent detektiv for å beroliga Olav si styrtrike mor og tykkjer at Robert må vera perfekt til jobben.
Familiehemmeligheitane til familen Stjernen visar seg å vera mørkare og farlegare enn ein kunne ane og far til Robert som er politietterforskar trør til for å hjelpa.
Robert sin spesielle arbeidsmetode med å bruke kjenslene til å løysa saker visar seg å bli ein viktig faktor i å løysa saka, og han er slettes ikkje så dum som alle trudde.
Dato: 17. november
Klokka: 19:00
Sal:Oseanasalen
Regi: Bård Breien
Skuespillere: Svein Andre Hofsø, Sven Nordin, Ida Elise Broch, Liv Bernhof Osa, Per Schaanning, Kari Simonsen, Trine Juul Andersen, Jørgen Kaalstad
Sjanger: Drama / Komedie
Aldersgrense: 11 år