Populære sjarmtroll
Flåklypa skapte folkevandring: Selde 100 billettar på under tre timar.
Sundag kjem Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa på bygdekinoen i Oseana.
– Det er heilt vilt. Billettane går unna som berre det, fortel kulturhusvert Janne Mari Hjelle då Midtsiden snakker med ho innimellom slaga onsdag førmiddag.
Kun over disk
Salet av billettar starta då Oseana opna dørene onsdag klokka 11 og dei er i ferd med å bli røska vekk.
– Vi har ikkje noko system for å leggja av billetter til bygdekinoen, sidan det er eit heilt manuelt sal over disk her i resepsjonen.
– Folk må difor koma ut her for å kjøpe, og det gjer dei i stort monn.
– Eg vil oppmoda alle som har tenkt seg på Jul i Flåklypa om å kjøpe billettane på førehand, for her er det sjans for at det blir utseldt, seier Hjelle.
Verdas største snømaskin
Filmen, som hadde premiere 8. november handlar om at det i Flåklypa nærmar seg jul, og Flåklypa Tidende-redaktør Frimand Pløsen har lova bygda snø til jul.
Når Ludvig ynskjer seg det same, så er ikkje oppfinnar Reodor Felgen vanskeleg å overtale til å byggje verdas mest kraftige snømaskin! Men så forsvinn Reodor, og så forsvinn snømaskina, og då må Solan og Ludvig stelle i stand til jul aleine. Dersom dei rekk det då, etter å ha redda Flåklypa frå verdas verste snøstorm...! For å tukle med naturen - det er fali' det!
Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa er tilleten for alle og varar i 1 time og 16 minutt