Fullt hus med Flåklypa
Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa på Bygdekinoen sundag er utseldt. – Vi set filmen opp på nytt 1. desember, fortel Janne Mari Hjelle.
Då billettane til Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa blei lagt ut for sal onsdag gjekk det ikkje lange stunda før folk valfarta ut til Oseana for å sikra seg adgangsteiknet. Over 100 billettar blei seld i løpet av dei første par tre timane.
– No er filmen utseldt. 470 billettar har blitt riven bort.
– Eg har aldri vore med på tilsvarande, seier kulturhusvert Janne Mari Hjelle.
Berre ein gong før
Berre ein gong tidlegare har ho opplevd fullt hus på bygdekinoen.
– Det var en aller første kinoen vi hadde i 2011.
– Då selde vi fullt hus på Smurfane.
Ny sjanse
Fortvil ikkje, bygdekinoen har allereie satt opp filmen med dei to populære karane frå Flåklypa på nytt.
– Folk får ei ny sjanse 1. desember.
– Då kjem Solan og Ludvig tilbake. Billettsalet startar onsdag 20. november, avsluttar Hjelle.