Lokal | 21. okt. 2011

Desse satsar Frp på

Klar med innstillinga: Eirik André Hesthamar, som klatra 31 plassar og rett inn i kommunestyret, ligg an til å bli utvalsleiar.

Desse satsar Frp på
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. okt. 2011 05:14

Høgre var først ute med personane dei vil ha inn i dei største utvala i neste periode. No er også Frp klare.

Les òg:
Innstilt som leiar
Klatra 31 plassar
Kommunestyret 2011-2015

Frp har valt gruppestyre, med Gustav Bahus som leiar, Espen Aspenes som nestleiar og Terje Søviknes som sekretær. Med i styret er også Marianne Hjelle og Eirik André Hesthamar.

Torsdag kveld hadde dei møte og innstillinga til dei største utvala er klar.

Formannskapet

Her er Terje Søviknes, Marianne Hjelle og Espen Aspenes innstilt som faste medlemmar, som før.

Laila Reiertsen var også fast medlem i inneverande periode, men Frp er no redusert frå 4 til 3 representantar og Laila er vara.

Vara, i rekkefølgje frå 1. vara: Nina Borgen Halhjem (NY), Gustav Bahus, Jonn Garvik, Sonja Vernøy Hansen (NY) og Laila Reiertsen.

Tenesteutvalet

I tenesteutvalet satsar Frp på storklatrar Eirik André Hesthamar, som gjekk frå 37. til 6. plass grunna mange personstemmer.

Det kan passa godt, Hesthamar, som er innstilt som leiar, brenn for skule, barnehage og idrett.

Andre faste medlemmar i innstillinga er Nina B. Halhjem og Oddgeir Bjoarvik (NY).

Vara, i rekkefølgje frå 1. vara: Anne Gro Haga (NY), Espen Engevik (NY), Agnethe Øvreeide (NY), Anders Bogevik Nebb (NY) og Bente Karstad (NY).

Plan- og bygningsutvalet

I plan- og bygningsutvalet stiller Frp liste saman med Høgre, som i innstillinga overtar leiarstolen i utvalet ved Ståle Skaathun, som overtar etter leiaren dei siste 8 åra, Gustav Bahus.

I innstillinga frå Frp blir dei tre faste medlemmane Gustav Bahus, Sonja Vernøy og Veronica Haugland med vidare.

Den fjerde stolen i utvalet var det Øystein Engevik som hadde. Den fjerde plassen er mista og Engevik har gjeve politikk-stafettpinnen til sonen Espen.

Vararepresentantar (frå felleslista/for begge parti Frp/H): 1. Jonn Garvik (Frp) 2. Høgre (uvisst) 3. Lasse Færøvik (NY, Frp) 4. Karsten Austevoll (NY, Frp) 5. Barbro Hallem (NY, Frp).

Tysdag 25. oktober skal det nye kommunestyret konstituerast og medlemmane i utvala godkjennast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.