Lokal | 14. sep. 2011

Klatra 31 plassar!

Eirik André Hesthamar (Frp) tok saman med veteranen Laila Reiertsen det største tigerspranget dette valet.

Klatra 31 plassar!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. sep. 2011 08:28

Tysdag kveld var alle stemmene og personstemmene summert og valprotokollen blei signert og skal vidare til kommunestyret for endeleg godkjenning.

Personstemmene fører til mykje ommøblering i listene, spesielt under toppane og dei førehandskumulerte. På listene til dei større partia får dette mykje å seia for kven som hamnar i kommunestyret.

Sjå heile lista: Kommunestyret 2011 - 2015

I enkelte parti har også dei øvste posisjonane blitt endra, som i TvS, der Terje Sperrevik klatra forbi Eirik Neverdal frå 2. plass og opp til 1. plass, og i FrP, der Espen Aspenes gjekk frå 4. plass til 2. plass og skubba Gustav Bahus og Marianne N. Hjelle ned eit hakk.

Opp 31 plassar!

Det største spranget, ved sidan av Laila Reiersten (Frp) sitt hopp frå 40. til 9. plass, var det nykomaren Eirik André Hesthamar (Frp) som sto for. Han klatra frå 37. plass til 6. plass rett opp bak toppane i det største partiet i Os.

– Eg er veldig takksam for tilliten! seier Hesthamar til Midtsiden.no.

– Eg har prøvd å vera aktiv i debatten, vore på stand og snakka mykje med folk, så eg hadde eit lite håp om å koma meg inn i kommunestyret. Men eg hadde aldri trudd at eg skulle klatra så høgt som til 6. plass.

Brenn for skule og idrett

Hesthamar var sentral representant for idrettslaget Øyglimt då Søre Øyane fekk kunstgrasbane. Seinare jobba han aktivt for å betra dei økonomiske forholda for private banehagar, då ny tilskotsordning blei innført.

– Etter begge aktivitetane var Søviknes i meg for å få meg med i politikken. Dagen før nominasjonsmøtet ringte han igjen, og då sa eg ja. Eg hadde forstått at eg bryr meg meir om politikk enn eg først trudde.

– Kva saker opptar deg mest?

– Skule, barnehage og idrett. Eg er sjølv far til tre små og vil gjera mitt beste for at dei skal vakse opp i ein god kommune.

Framleis var det toppane som fekk flest personstemmer:
Terje Søviknes (Frp): 1474
Marie E. L. Bruarøy (H): 395
Lars Atle Skorpen (Ap): 220
Terje Sperrevik (TvS): 194
Espen Aspenes (Frp): 189
Gustav Bahus (Frp): 184
Kristin Haukeland (Ap): 159
Eirik André Hesthamar (Frp): 155 (37. - 6. plass!)
Eirik Neverdal (TvS): 137
Jon Sivert Rykkel (V): 126
Jonn Garvik (Frp): 105
Helge O. Nygård (KrF): 104
Jostein Bondevik (KrF): 104

Men der personstemmene hadde mest å seia var for dei som ikkje ligg på dei øvste plassane, og her kunne få stemmene føra til klatring inn i kommunestyret, eller til ein høg varaplass.

Her er nokre av dei som klatra mest:

Eirik André Hesthamar (Frp):
31 plassar, frå 37. til 6. plass (155 stemmer)

Laila Marie Reiertsen (Frp):
31 plassar, frå 40. til 9. plass (81 stemmer)

Olav Søfteland (Ap):
22. plassar, frå 30. til 8. plass (52 stemmer)

Øyvind Tøsdal (Ap):
22 plassar, frå 34. til 9. plass (42 stemmer)

Olav Djuve (H):
15 plassar, frå 21. til 6. plass (38 stemmer)

Harald Døsen (Ap):
12 plassar, frå 16. til 4. plass (76 stemmer)

Sigrid Tvedt (TvS):
11 plassar, frå 17. til 6. plass og (2. vara, 54 stemmer)

Ståle Skaathun (H):
8 plassar, frå 13. til 5. plass (39 stemmer)

Emil Tetlie Brimsholm (H):
7 plassar frå 11. til 4. plass (50 stemmer)

Kjetil Gulbrandsøy (TvS):
5 plassar, frå 10. til 5. plass (1. vara, 77 stemmer)

Paal Moberg (Ap):
4 plassar, frå 11. til 7. plass (59 stemmer)

Andre som fekk mange personstemmer, og som klatra nokre plassar, var Karsten Austevoll (Frp) 2 plassar frå 10. til 8. plass (83 stemmer), Anne Kristine Tøsdal (Ap) 2 plassar, frå 8. til 6. plass (62 stemmer), Geir Magne Johnsen (TvS) 3 plassar, frå 12. til 9. plass (31 stemmer), Sonja Vernøy Hansen (Frp), 3 plassar, frå 13. til 10. plass (73 stemmer).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.