Lokal | 07. okt. 2011

Innstilt som leiar

Val 2011: To av dei seks partia med representantar i dei største utvala er klare med personkabalen.

Innstilt som leiar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. okt. 2011 12:41

Onsdag 19. oktober er siste kommunestyremøte i inneverande periode, tysdag 25. oktober blir konstituerande møte for komane kommunestyre i Os.

Les òg:
Kommunestyret 2011-2015

I desse dagar jobbar dei største partia i Os med å finna personar til utvala, i hovudsak dei tre største utvala; formannskapet, tenesteutvalet og plan- og bygningsutvalet.

Kvart utval har 9 representantar. Posisjonen Frp og Høgre har 3 + 2 av desse. Ap har 2 i kvart utval, TvS 1. Venstre og KrF har delt den siste plassen i kvart utval mellom seg.

Både Frp, TvS, Ap og KrF er midt i prosessen og kan ikkje seia meir om kven som kjem kvar. Men det kan Vestre og Høgre.

Venstre, KrF og Sp i samarbeid

– Venstre får plassen i formannskapet, KrF i dei to andre utvala, seier førstekandidaten til Venstre, Jon Sivert Rykkel, som sjølv tar plassen i formannskapet.

– I tillegg har vi gjeve Sp ein varaplass. Ifølgje matematikken skulle dei ikkje hatt den, men vi synes det er greit at dei er med.

Ifølgje Helge Olav Nygard i KrF har dei ikkje bestemt kven som skal ha KrF sine plassar i dei to andre utvala.

Høgre sin kabal

Tysdag kveld vedtok medlemsmøtet til Os Høgre personkabalen dei stiller med som innstilling til konstituerande kommunestyre.

• Varaordførar og gruppeleiar: Marie E. L. Bruarøy
• Formannskapet: Marie E. L. Bruarøy og Bjørn R. Matland
• Plan- og bygningsutvalet: Ståle Skaatun (leiar) og May Brit Haringstad Mjøs (seinare endra til Jonny Garvik)
• Tenesteutvalet: Turid E. O. Lunde (nestleiar) og Emil T. Brimsholm

Ny timeplan

Ståle Skaathun har jobba i byggebransjen i over 20 år, dei siste 14 som byggmeister. Han hadde ikkje trudd at han skulle klatra opp til posisjon der han fekk rolle som utvalsleiar.

– Men då det først blei sånn så var det fleire som peika på meg sidan det handla om mitt fag, seier Skaathun.

Skaathun sto på Høgre si liste også ved førre val, men var i inneverande periode 5. vara i plan- og bygningsutvalet. Det gjorde at han aldri trengte å stilla i møte.

– Men eg har vore med å jobba med sakene saman med partikollegaene mine, så det er ikkje heilt nytt for meg. No gjeld det berre å rydda timeplanen og gjera plass til auka innsats i politikken, seier Ståle, som blant anna må «rydda vekk» vervet som leiar i Os Svømmeklubb.

Plan og gjennomføring

– Er det noko spesielt du er opptatt av innan plan- og byggepolitikk?

– Eg har meininger i tråd med partiet eg representerer, med positiv haldning til utvikling og utbygging, så lenge det er gode planar.

– Og så er eg veldig opptatt av at ting skal vera skikkeleg, og at prosjekt blir utført i tråd med godkjente planar. Akkurat der kan eg få bruk for mi erfaring frå bransjen.

– Kan byggmeisterrolla di koma til å hamna i konflikt med den komande politiske rolla?

– Det var eit ankepunkt og noko eg tenkte på før eg sa ja. Tilbakemeldingar til no er positive, at det kjem ein fagmann frå Høgre inn som leiar. Men eg kjem nok også hamna i situasjonar der spørsmålet dukkar opp igjen. Det kan også koma saker der eg må seia meg ugild, men sånn er det for alle i lokalpolitikken, seier Ståle Skaathun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.