Dei første talarane til Bjørnafjordkonferansen 2021
Avlyst i fjor, gjennomfører i år. Her er foreløpig program.
«Vegen vidare» er tittelen på Bjørnafjordkonferansen 2021, oppfølgjaren til konferansen som såg dagens lys hausten 2019.
– Bjørnafjorden Næringsråd vil gjennomføra den andre utgåva av Bjørnafjordkonferansen, seier dagleg leiar i næringsrådet, Synnøve Reksten Mowinckel i ei pressemelding fredag.
Bjørnafjordkonferansen vart for første gong arrangert i 2019 i regi av Os kommune, med
Bjørnafjorden Næringsråd som medarrangør.
Datoen for årets konferanse er torsdag 11. november.
– Pandemien sette ein stoppar for den planlagte oppfølgaren i fjor. Med ein strategi om at alle over 18 år vil vera vaksinert innan utgangen av sommaren, vil næringsrådet igjen samla næringslivet i Bjørnafjorden.
Konferansier blir Tarjei Strøm.
Foredragshaldarar som er booka til no:
Ståle Rød, Konsernsjef, Skanska
Geir Bjørkeli, CEO, Corvus Energy
Aina Tjosås, Rådgiver for Areal og Samfunnsplanlegging, ABO
Fjordfondet, Sparebanken Vest
Geir Aker, Optimus Kompetanse, “Fenriken”
Natalie Totland, Personlig Trener, NXT Level
Carl-Erik Michaelsen Moberg, Medgrunder, TicketCo
Jan Frode Skeie, Daglig Leder, Elements Production AS
Stig Bareksten, Bareksten, OSS Craft Distillery
Bjørnafjorden Næringsråd har med seg Fjordfolk som eventbyrå, som også var med å arrangera i 2019.
– Programmet har fokus på næringslivet i Bjørnafjorden, utviklinga vi står ovanfor med ny E39,
infrastrukturen som no vil knyta oss nærmare flyplass og storby, folkevekst og
utviklinga i eit bygdesamfunn.
– Etter lunsj vil vi sjå på utfordringar og omstillingar som har vorte nødvendige under pandemien med mellom anna bygging av bedriftskultur, nye digitale flater, marknadsføring, nettverk utan å møtast og korleis ein kan nytta dette til å fortelja ei bedrift eller eit produkts historie. Kva er vegen vidare?
Sparebanken Vest er med som hovudsponsor og næringsrådet ønsker òg fleire lokale
bedrifter med på laget.
Etter enda fagleg samling, byr Bjørnafjorden Næringsråd deltakarane med på After Work,
street food og god drikke! I første omgang er det eit avgrensa tal billettar på grunn av restriksjonane vi framleis lever med. After Work vil ha eit maks tal på 150 personar.