Lokal | 20. juni 2019

Skal sjå på framtida saman

I november er det duka for første Bjørnafjordkonferansen - fleire kjende profilar kjem for å halda foredrag.

Skal sjå på framtida saman
Desse tre - og fleire kjem til Bjørnafjordkonferansen tysdag 5. november. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 20. juni 2019 12:14

Bildeserie:

Næringssjef i Os kommune, Elin Bryn Thorsen og næringskonsulent, Jon Sivert Rykkel ser fram til å sjå på framtida saman. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Næringssjef i Os kommune, Elin Bryn Thorsen og næringskonsulent, Jon Sivert Rykkel ser fram til å sjå på framtida saman. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
1 av 1

Bjørnafjordkonferansen vert halden i Oseana Kunst & Kultursenter tysdag 5. november.

Bak konferansen finn du næringsavdelinga i den komande Bjørnafjorden kommune saman med Bjørnafjorden Næringsråd.

Saman for vekst

Konferansen har fått undertittelen «Saman for vekst», og arrangørane vil at den skal vera ein tverrfagleg møteplass for alle som ønskjer å utforske moglegheiter i og rundt Bjørnafjorden.

Næringssjef i Os kommune, Elin Bryn Thorsen og næringskonsulent, Jon Sivert Rykkel fortel begeistra om kva dei har planlagd;

– Arne Hjeltnes vil leia oss gjennom denne spanande dagen. Det vert foredrag frå kjende profilar som Mons Ivar Mjelde, Kari Traa, Ingebrigt Steen Jensen og Jannicke Hilland.

– Kari Traa skal halda foredraget «Ei humpete og kul reise». Her vil ho fortelja om oppveksten på Voss, om korleis interessa hennar for freestyle vart fødd og om korleis ho har klart å halda drivet og motivasjonen oppe.

– Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland bur på Os, og vil fortelja om vegen til konsernsjefstilling i ei stor bedrift.

– Mons Ivar Mjelde skal presentera «Saman er vi sterke». Her vil Mjelde synleggjera kva slags krefter som rår i ei gruppe som har bestemt seg for å nå eit mål saman.

– Ingebrigt Steen Jensen vil i sitt foredrag sjå på dei dei fire-fem tinga dei beste verksemdene i verda gjer spesielt godt – betre enn konkurrentane sine, og dessutan påfallande likt.

Sofaprat og Fjordfond

Konsulenten og næringsjefen held fram;

– Det kjem òg til å bli «sofaprat» med lokale bedriftseigarar og unge entreprenørar. Desse samtalane vert leia av Arne Hjeltnes.

– Her vil dei mellom anna vil diskutera næringslivet i regionen vår, og kva dei trur framtida vil bringa.

– Det vil òg bli utdeling av Fjordfondet i regi av Bjørnafjorden næringsråd, avsluttar Thorsen og Rykkel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.