Byggestopp på Lyngheim
– Vi vil avventar til søknaden er behandla, seier Magne Brekke, styreleiar i stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim.
Tidlegare i veka fortalte vi om effektivt dugnadsarbeid med reisning av lemstova på Lyngheim, men at bygget blei høgare enn kva som var godkjent.
Naboar reagerer og sa i intervju med Midtsiden at dei hadde inntrykk av at dei som bygger tunet tar seg til rette.
– Den påstanden vil eg avvisa, vi har ikkje visst at bygget blei for høgt, eller spekulert i at vi ville få tilgjeving, seier Magne Brekke.
No har dugnadsgjengen fått krav om byggestopp frå Os kommune.
– Vi har fått lov til å gjera det vi treng for å hindra at bygningen og materialar blir skadd medan det er byggestopp, så no står vi på for å sikra bygget.
– Så vil vi venta på behandling av søknaden om endra byggehøgd.
– Naboar ser ut til å vera bestemte på å klaga på ny nabovarsel, og på å følgja saka så dei får sikra utsikta si. Har de byrja å tenkja på ein plan-B?
– Nei, det har vi ikkje, vi vil avventa. Dessutan er det vanskeleg å sjå føre seg eit alternativ, poenget med prosjektet er nettopp å reisa huset i mest mogleg original stand.