Bygger rom på 100 dagar
Seks nye rom skal byggast på sjukeheimen. Entreprenøren har fått 100 dagar på seg. – Vi treng dei sårt, seier Nils-Petter Borge.
I mai 2011 fortalte kommunalsjef Nils-Petter Borge om krava til øyeblikkeleg hjelp-senger som følgje av samhandlingsreforma. Desse blei etablert kjapt og effektivt i behandlingsavdelinga og ein planla å erstatta dei med eit modulbygg på taket av delar av sjukeheimen.
– Det viste seg at den løysinga ikkje var så enkel som vi trudde.
– I taket på sjukeheimen gjekk det mellom anna ventilasjon som ikkje var berre berre å flytta på, forklarte Borge for tenesteutvalet i førre veke.
Får seks nye rom
Prosjektet blei difor skrinlagt og ein såg på andre løysingar for å erstatta dei sengeplassane ein hadde tatt til øyeblikkeleg hjelp-sengene.
– Løysinga fann vi rett bak sjukeheimen, kor vi har prosjektert inn seks nye rom.
– Kva betyr det for kapasiteten, undra Emil Brimsholmen (H).
– Vi har teke tre rom frå behandlingsavdelinga, med seks nye, så gjev det oss ei netto tilvekst på tre senger, forklarte kommunalsjefen.
Bygger på 100 dagar
I starten på 2013 har kommunen måtta betala for fleire utskrivningsklare pasienter enn dei i perioder gjorde i 2012.
– Utbygginga hastar, kva er tidsramma, undra Arild Mats Nilsen (Ap).
– Vi har pressa entreprenøren ned på 100 dager.
– Det er ambisiøst, men vi prøver å få bygd det så raskt som mogleg. Grunnarbeida er allereie i gang, avslutta Nils-Petter Borge.