Politi | 27. juli 2024

Bil på taket på Fanafjellet

Nødetatane rykker ut.

Bil på taket på Fanafjellet
Høgaste del av vegen over Fanafjellet. ((Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 27. juli 2024 20:43

Politiet varsla klokka 20.36 om ei trafikkulykke på fv 5158 Fanafjellsveien.

Ein bil har køyrd utfor og landa på taket. Den kan ha vore i fjellveggen før den gjekk rundt.

Ulykka skal ha skjedd ved Rambergstunet, altså på Fana-sida av fjellet.

Det skal vera redusert framkommeligheit på staden.

Politiet fortel klokka 21 at det var to personar i bilen. Dei er no ute av bilen. Begge er bevisst og blir no sjekka av ambulansepersonell.

  • Har du informasjon eller bilde? tips@midtsiden.no

Politiet har tatt beslag i førarkortet til bilførar, ein gut i tenåra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.