Lokal | 12. mai 2015

Bil av vegen på Fanafjellet

Politiet søkte etter bilførar med hundepatrulje.

Bil av vegen på Fanafjellet
Her blir bilen trekt opp frå skråningen av bilbergar (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 12. mai 2015 09:01

Bildeserie:

Bilen har fått store materielle skadar (foto: KVB)
Bilen har fått store materielle skadar (foto: KVB)
Ein bil med same registreringsnummer blei meldt stolen på Sandsli i går. (Foto: KVB)
Ein bil med same registreringsnummer blei meldt stolen på Sandsli i går. (Foto: KVB)
1 av 2

Litt før klokka 8 tysdag morgon fekk politiet melding om ein bil som låg godt utfor vegen over Fanafjellet. Bilen låg på Fanasida av fjellet.

Hundepatrulje blei sendt for å søka etter bilføraren. Eit søk som sålangt skal ha vore resultatlaust.

- Bilen har store materielle skadar.

Truleg stolen

Ein bil blei i natt stolen frå Sandsli-området. Denne skal ifølgje politiet ha same registreringsnummer som den som no er funnen.

- Om ikkje nokon har triksa med skilta, så er det snakk om same bil.

– Vi har så langt ikkje fått dette stadfesta hundre prosent, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund til BT.no.

Då Midtsiden var på staden blei bilen teken hand om av bilbergar. Hundepatruljen hadde forlatt staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.